NRK Meny
Normal

Nekta over 30 vogntog å køyra vidare

I går måtte Vegvesenets kontrollørar nekta fire vogntog å køyre vidare ned Måbødalen. I dag stoppa dei over 30 etter fleire skremmande funn.

Busser stoppet ved Maurset på rv. 7

KONTROLL: Både vogntog og bussar blir stogga ved Maurset på riksveg 7 over Hardangervidda. Nokre har så alvorlege manglar at dei blir nekta å køyre vidare.

Foto: Statens vegvesen

– Sånn bør det ikkje vera, kommenterer seksjonssjef Thormod Gausdal i Statens vegvesen.

Tunnelbrannen i Gudvangatunnelen på E16 tidlegare denne veka gjer at europavegen er stengt i fleire veker framover. Det betyr ekstra trykk på omkøyringsvegane, og spesielt på riksveg 7 over Hardangervidda.

For å forhindre at noko alvorleg skal skje ned den bratte Måbødalen har kontrollørar frå Statens vegvesen stilt seg opp på Maurset for å kontrollera vogntog og bussar som kjem køyrande forbi.

Det har mildt sagt vist seg å vera ein god idé.

Tormod Gausdal

Seksjonssjef Thormod Gausdal i Statens vegvesen har ansvar for køyretøykontrollar i Sogn og Fjordane og Indre Hordaland.

Foto: Anna Gyrti/NRK

37 køyreforbod

For fasiten etter dag to er 112 kontrollerte vogntog, av dei fekk 37 køyreforbod. Den store gjengangaren er varme bremser.

– Ein av dei som vart stoppa i dag hadde 450 grader på bremsane sine fremst på vogntoget. Då har vedkommande ikkje ein gong byrja på siste nedkøyring, fortel Gausdal og siktar til den smale, kronglete og svært bratte køyringa ned Måbødalen til Eidfjord.

Her er det så bratt at tunnelane på riksveg 7 må gå i slyng inne i fjellsida (sjå kart nedst i saka).

Travelt

Det er tre kontrollørar som har stått på i heile dag for å kontrollera både bussar og vogntog. Resultata for bussane er langt betre. Av 121 kontrollerte bussar fekk to køyreforbod for varme bremser medan 17 bussar fekk pålegg om ein motorvask.

Resten av statistikken for torsdagens kontrollar ser slik ut:

Det er også ekstra trafikk på E134 over Haukelifjell. Her har Vegvesenet stilt seg opp ved Seljestad for å kontrollere vogntoga.

Får opplæring og tips

I tillegg slurvar mange med sikring av last. Fem vogntog fekk beskjed om at dei ikkje fekk køyra ein meter til før lasta var forsvarleg sikra.

– Det er veldig alvorleg. Det var eit tilfelle med ei last som stod heilt laust. I tillegg har vi sju køyreforbod i dag på grunn av feil på ABS.

– Er du overraska over at så mange har feil og manglar?

– Dessverre så er statistikken slik til tider, svarar Gausdal.

Dei som får køyreforbod på grunn av varme bremser blir ståande til bremsene har kjølt seg ned.

Her blir vraket slept ut

Her blir vraket av turistbussen som byrja å brenne i Gudvangatunnelen slept ut.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Kontrollar i tre veker

Han seier kontrollørane er drivne folk, som gir tips og skolering til vogntogsjåførane. Mellom anna på korleis dei skal køyra i nedoverbakke utan at bremsene skal gå alt for varme.

– Dei har det travelt og går inn og plukkar ut dei verste.

Ved Maurseth på riksveg 7 blir det kontrollar i tre veker framover. Vegvesenet vurderar det ut ifrå kor lenge Gudvangatunnelen blir stengt.

Sist det brann i Gudvangatunnelen, tilbake i 2013, opna dei tunnelen for kolonnekøyring for store køyretøy etter nokre veker.

Laster kart, vennligst vent...

Siste video

Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik