NRK Meny
Normal

Over 30 prosent auke i naudpass

Slurv og fleire kontrollar gjer at stadig fleire må ha naudpass for å redde sommarferien, meiner politiet. No ber dei reisande om å skjerpe seg.

Håkon Nesse

MIDLERTIDIG: Stadig fleire kjøper naudpass like før dei skal på ferie. Fungerande leiar for politistasjonen på Flesland, Håkon Nesse, meiner mange reisande burde planlegge betre. – Viss folk hadde vore litt meir oppmerksame hadde dei i alle fall spart mykje pengar.

Foto: Ole-André Lagmandokk / NRK

– Vi skulle til Syden og hadde gløymd å sjekke passet til sonen vår. Heldigvis var politiet på jobb her, så vi fekk ordna naudpass og kom oss av garde. Passet har ein gjerne sjekka for lenge sidan og gløymt vekk, seier Jan Inge Ebbesvik.

Jan Inge Ebbesvik

STRESSA: Jan Inge Ebbesvik trur det fort kan bli mykje å tenke på for småbarnsfamiliar som skal på ferie.

Foto: Ole-André Lagmandokk / NRK

Han har akkurat skaffa naudpass på Flesland. Og Ebbesvik er ikkje aleine.

Heilt nye tall visar at talet på naudpass skrivne ut i Hordaland, auka med 72,5 prosent – frå 1.176 naudpass i mai, juni og juli i år, til 2.029 i same periode i år.

På landsbasis er auka på 32 prosent. Totalt blei 17.545 naudpass gitt på norske politistasjonar og ambassadar i utlandet.

– Det er ikkje ein ønska utvikling. Det seier noko om den norske befolkningas reiselyst, og at ein ikkje er så god til å planleggje slik at man har fått ordinært pass i tide. Det er krevjande for politiet. Mange er for slurvete, seier fagdirektør Atle Roll-Matthiesen.

Lang ventetid og grensekontrollar

Fleire stader i landet har det i sommar vore lang ventetid for å få time til vanleg pass, og Bergen har hatt blant dei lengste køane. På det meste har ventetida vore om lag fire veker ved Bergen Vest politistasjon.

– Leveringstida for vanleg pass har i sommar vore lenger enn vanleg, og det er nok mykje av årsaka til at fleire har hatt behov for naudpass, seier gruppeleiar for pass ved Bergen vest politistasjon, Atle Holmen.

I Øst politidistrikt, som Gardermoen politistasjon ligg under, er det skrive ut 4.582 naudpass i mai, juni og juli. Det er ei auke på 39 prosent frå same periode i fjor.

– Vi har ingen fasit på kva som er årsaka til denne auken, men vi trur at innføringa av grensekontroll i fjor kan ha påverka talet på naudpass. I tillegg er det ei generell auke av reisande, seier Heidi Vinsrud, seksjonssjef ved forvaltningsseksjonen i Øst politidistrikt

Passkontroll

KONTROLL: Mange gløymer å ta med seg pass eller sjekke at passet er gyldig når dei reiser på ferie, og er dermed avhengig av naudpass. Her frå passkontrollen på Gardermoen.

Foto: Wilhelm Sverdvik / NRK

Slit òg med å kome seg heim

Ifølge Utenriksdepartementet er det òg eit aukande problem at nordmenn reiser på ferie utan pass, og får problem når dei skal heim igjen.

Sidan Noreg er blant dei 27 landa i Schengenområdet, kan ein i teorien reise utan pass mellom landa. Med midlertidig grensekontroll, krev derimot mange flyplassar og flyselskap at reisande har med seg gyldig identifikasjon.

Astrid Sehl

PROBLEMATISK: – Det eit aukande problem at nordmenn reiser utan pass, seier Astrid Sehl i Utenriksdepartementet.

Foto: Wilhelm Sverdvik / NRK

– Fordi pass er det einaste gyldige identifikasjonsdokumentet for norske borgarar er det viktig å ha det med, òg på reiser i Europa, seier pressetalsperson Astrid Sehl i UD.

Siste video

Programelder Øyvor Bakke
Listetoppene i Hordaland møttes til stor debatt, i samarbeid mellom BT, BA og NRK.
Bergensartisten avsluttet den store valgdebatten på Festplassen i Bergen.