Hopp til innhold

Over 13000 passerte Hardangerbrua i helga

Trafikken på den nye Hardangerbrua har gått over all forventning. Sidan opninga laurdag har 15823 bilar tatt turen over Hardangerfjorden.

Første trafikk over Hardangerbrua.

SLUTT PÅ FERJEKAFFIEN: Bilane strøymde på i løpet av Hardangerbrua sitt første opningsdøgn. Dette biletet er frå laurdag 17. august, få timar etter at brua opna.

Foto: Geir Brekke / Statens Vegvesen

Elska og hata blant hardingane: I helga var det uansett duka for opningsfest då dei første bilane endeleg kunne kryssa fjorden med asfalt under hjula.

Brua opna offisielt klokka 15 laurdag, men rakk likevel å la over 4000 bilar passere før midnatt. Søndag køyrde 8946 bilar over, og det endelege talet blei til saman over 13000 bilar i løpet av opningshelga.

Dermed har Geir Brekke, kommunikasjonsrådgjevar i Statens vegvesen Region Vest, god grunn til å vere nøgd.

Geir Brekke, Statens Vegvesen.

ERSTATTAR FERJA: Geir Brekke, her frå arbeidet med brubygginga tidlegare i år, er nøgd med at så mange hardingar testa ut 'nyevegen' mellom Ulvik og Ullensvang.

Foto: Ole Marius Kvamme / Hardanger Folkeblad

– Det er flott! Men vi forventa jo sant å seie dette i starten, folk vil jo ut og teste den nye vegen.

Dessutan, med to splitter nye rundkjøringar i samband med brua kan det få "fatale" konsekvensar å ta av feil.

– Forhåpentlegvis får folk med seg kor dei skal ta av for å kome dit dei skal. I verste fall blir det jo berre ein ekstra runde over, smiler Brekke.

Fekk starthjelp av stengt Gudvangatunnelen

At trafikken gjekk godt under opningshelga, var å forventa. Fram til måndag var det nemleg gratis å testa ut den nye brua.

– Vi er sjølvsagt glade for at så mange passerte i opningshelga, men det verkelege talet gjenstår det å sjå, seier Brekke.

Les òg:

Det første døgnet med innkrevjing frå dei passerande bilistane, gjekk også langt betre enn forventa med nærare 3000 bilar. Det har ifølgje Brekke si forklaring i at Gudvangatunnelen på E16 er stengt.

– Vi får sjå, det blir spanande å sjå! Vi forventar om lag 2000 bilar i døgnet, så uansett årsak ligg vi så langt veldig godt an, avsluttar Brekke.

SJÅ VIDEO FRÅ OPNINGA HER:

Lørdag, klokken 12.30, åpnet Nord-Europas lengste hengebro, Hardangerbrua. Det var kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete som kuttet veisnoren lørdag ettermiddag. Åpningsdagen ble en folkefest i Indre Hardanger.

Åpningen av Hardangerbrua