Hopp til innhold

Osterøy ønsker ikkje fleirtalssamarbeid

Osterøypolitikken blir betre utan at ein dannar eit politisk fleirtal, ifølge KrF sin ordførarkandidat. – Utypisk, meiner professor.

Ingemar Tepstad, Jarle Skeidsvoll, Alf Terje Mortensen

ORDFØRARKANDIDATAR: Her er tre av ordførarkandidatane på Osterøy. F.v. Ingemar Tepstad (H), Jarle Skeidsvoll (KrF), Alf Terje Mortensen (Frp). KrF er den heitaste kandidaten til å ta over ordførarkjede.

Foto: LEIF RUNE LØLAND / NRK

– Eg trur ikkje Osterøy-politikken og folket er tent med ei fast blokkdanning. Eg ønsker at me jobbar saman som eit lag med så stor bredde som me kan, seier Jarle Skeidsvoll.

Han er KrF sin ordførarkandidat i Osterøy kommune, og favoritt til å ta over vervet etter Kari Foseid Aakre (Ap).

Eit fleirtalssamarbeid skapar ikkje godt samarbeid meiner Skeidsvoll.

Viss ein ikkje låser det i blokker får me ein meir fruktbar dialog og betre arbeid med politikken enn om nokon låser eit fleirtal, og seier at slik skal det vera.

– Er det fordi de vil ha det meir spennande?

– Ja, det også, men eg trur det tener innbyggarane og det politiske arbeidet at me kan utfordra kvarandre og finna løysingar med litt varierande fleirtal.

Dårlege erfaringar

Politikarane i Osterøy har tidlegare prøvd å styra med eit bindande fleirtalssamarbeid med dårlege erfaringar, seier Skeidsvoll.

– Det vart heilt demotiverande for folk som var valt inn og som ønska å bidra og ta del i politikken. Dei sat berre låst i ein krok, det har vore heilt tragisk.

Frank Aarebrot

Professor i samanliknande politikk, Frank Aarebrot.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Osterøy sin motvilje mot å danna eit fast politisk fleirtal er utypisk, seier professor Frank Aarebrot ved Universitetet i Bergen.

– Det skuldast at sjølve Osterøy ikkje er stabilt og fast. Osterøy var del av tre andre kommunar. Desse bygdene lever sitt eige liv, og det oppstår saker i kommunen som handlar mykje om geografi.

– Sterkt bygdeidentitet

Geografien gjer at bygdene står sterkt.

– Dette gjev flytande alliansar. Fordi ein har ein ustabil geografi er det farleg å binda seg for mykje. Geografi trumfar ideologi i ein kommune som Osterøy. Det er veldig sterke bygdeidentitetar i kommunen, seier Aarebrot.

– Skeidsvoll meiner også at det vart meir og meir demotiverande den gongen dei prøvde å danna ein fast allianse. Kvifor det trur du?

– Det vart gjerne kjedeleg i den forstand at dei måtte fortelje folk i heimbygda at dei ikkje kunne gjera alt dei sa, av omsyn til samarbeidspartnaren. Alle tener på ein flytande kultur, hevdar Aarebrot.