Hopp til innhold

Osterøy har mangla plan mot naturkatastrofe i seks år

Osterøy har i seks år brote norsk lov. Fylkesmann Lars Sponheim er kritisk til at kommunen manglar katastrofeplan.

Ras på Votlo på Osterøy, dagen etter

OMKOM: Eit liv gjekk tapt då jordskredet gjekk her på Votlo torsdag i førre veke. Osterøy manglar lovpålagde planar for å takla naturkatastrofar.

Foto: Øyvor Bakke / NRK

Torsdag gjekk jordskredet på Votlo på Osterøy som tok eit liv.

Kommunen har fått ros for korleis dei har handtert krisa. Men dei har likevel ikkje gjort førebuingane som lova krev for å takla ei hending som den på Votlo.

I 2011 kom forskrifta som pålegg norske kommunar å gjennomføra ein risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) for heile kommunen. Osterøy har framleis ikkje ein godkjend ROS-analyse på plass.

Purra utan å få svar

Allereie i 2013 påpeika Fylkesmannen i Hordaland dette. I åra som følgde, purra Fylkesmannen mange gonger på kommunen, ofte utan å få svar. Det går fram av korrespondanse mellom Fylkesmannen og Osterøy som NRK har fått innsyn i.

Til dømes skreiv ein rådgjevar hos Fylkesmannen dette til dåverande rådmann Odd Ivar Øvregård i august 2015:

«Eg ringde og la igjen ei melding til deg i dag. Vi treng ei oversikt over status fra siste tilsynsrunde så vi kan oppsummere tilsynet. Det er kun Osterøy kommune vi mangler tilbakemelding fra no».

Fylkesmann Lars Sponheim reagerer på at det har tatt så lang tid for Osterøy å laga ROS-plan.

– Når Fylkesmannen har vore så tydelege overfor Osterøy, meiner vi alvor, seier Sponheim til NRK.

Sponheim

REAGERER: Fylkesmann Lars Sponheim meiner det er på høg tid at Osterøy får alle risikoplanar på plass.

Foto: Christian Lura / NRK

DSB: Sjeldan

I juli 2016, tre år etter tilsynet, rådførte Fylkesmannen i Hordaland seg med Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) om korleis dei skulle følgja opp Osterøy, som då ikkje hadde svart på fleire purringar.

Det er uheldig at Osterøy kommune ikke har fulgt opp (...) Dette er sjeldent.

Dag Olav Høgvold, avd.leder i DSB, november 2016

«I brev av 02.09.2013 stadfestar kommunen at oppfølgingsarbeidet er godt i gang, men etter denne tid har Fylkesmannen ikkje fått ytterlegare tilbakemeldingar trass i ei rekke purringar, både munnleg og skriftleg», skreiv fylkesberedskapssjef Arve Meidell i brevet til DSB.

DSB svarte Fylkesmannen i november 2016:

«Det er uheldig at Osterøy kommune ikke har fulgt opp og lukket avvikene etter tilsyn. (...) Fra vårt ståsted er dette sjeldent.»

Då NRK sjekka status nasjonalt i 2015, hadde berre rundt 40 prosent av kommunane gjennomført ein ROS-analyse. No opplyser DSB at 67 prosent av kommunane oppfyller minimumskrava til ROS.

Mangla fagfolk

Tidlegare Osterøy-rådmann Øvregård er i dag rådmann i Kvinnherad.

– Vi hadde manglande kapasitet og kompetanse til å få laga ein overordna ROS-analyse. Derfor leigde vi inn ekstern konsulenthjelp, seier Øvregård, som ikkje kan hugsa at e-postar og telefonar frå Fylkesmannen blei verande ubesvart.

Ordførar Jarle Skeidsvoll (KrF) i Osterøy seier kommunen no har ein god dialog med Fylkesmannen. Han stadfestar at manglande kompetanse internt i kommunen er ein av årsakene til at arbeidet har tatt lang tid.

– Vi har ein beredskapsplan som er god. Den overordna ROS-planen manglar, men vi er i sluttfasen av arbeidet. Arbeidet skulle og burde ha vore fullført tidlegare, seier Skeidsvoll.

Tysdag i førre veke, to dagar før raset, var byråkratar frå kommunen i møte med Fylkesmannen for å planleggja det vidare ROS-arbeidet.