Hopp til innhold

Oslo kommune endrar rutinar for barnehage-app etter alvorleg feil i Bergen

Oslo kommune sluttar å legge foreldre utan foreldreansvar automatisk inn i systema sine. Ei mor fann barnefaren i barnehage-appen kommunen brukar. – Det var ubehageleg.

Illustrasjonsbilder fra barnehagemiljø

NY INNLASTING: Foreldre utan foreldreansvar blir ikkje lenger henta automatisk frå Folkeregisteret og inn i systema til Oslo kommune. Kommunen vil seinke risikoen for at opplysningar om barn i barnehagar når folk som ikkje skal ha dei.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

I Bergen har konsekvensane blitt store etter at ein svikt førte til at foreldre med besøksforbod vart lagt til i skuleappen Vigilo.

Vigilo er eit sokalla oppvekstadministrativt system, som ein fjerdedel av skulane i Noreg i dag brukar for kommunikasjon mellom tilsette og foreldre.

Svikten i Bergen skjedde då foreldre utan foreldreansvar vart lagt til i mobilprogrammet og fekk tilsendt e-postar med informasjon om kva skule barnet går på.

Dette har gått hardt utover ei mor og hennar barn, som i mange år har levd i skjul for ekskjærasten. Denne veka fekk ho valdsalarm av politiet.

Mor i Oslo reagerte

Etter at saka sprakk i Bergen, har NRK blitt kontakta av uroa foreldre fleire stader i landet.

Ei mor i Oslo, som ynskjer å vera anonym, fortel til NRK at ho oppdaga at faren utan foreldreansvar hadde fått tilgang til opplysningar via barnehage-appen Truegroups, som kommunen brukar i dei kommunale barnehagane.

– I vårt tilfelle er det ikkje farleg, men det er absolutt ubehageleg. Han har krav på informasjon om barnet dersom han ber om det, men ikkje automatisk på denne måten.

– Eg oppdaga dette tilfeldig. Kor mange andre er det som ikkje er klar over dette enno? Det kan jo gjelde menneske som akkurat no er i fare, utan å vite det, seier kvinna til NRK.

Truegroups-appen til Oslo kommune

TRUEGROUPS: I Oslo har dei ei anna løysing enn Vigilo i dei kommunale barnehagane. Systemet heiter Truegroups.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Endrar rutinar i Oslo kommune

Informasjon om barnevernstiltak eller besøksforbod ligg ikkje inne i Folkeregisteret og må difor førast manuelt.

I utgangspunktet gjorde Bergen nettopp denne «vasken» av listene, men endringane forsvann i ei oppdatering i vår og vart ikkje oppdaga før i haust.

I Oslo lastar kommunen inn opplysningar frå Folkeregisteret til deira eige opptakssystem for barnehagane (IST). Der blir opplysningane kontrollerte og koda med informasjon, som til dømes hemmeleg adresse eller vedtak om besøksforbod, før dei blir sendt vidare til Truegroups.

No gjer hovudstaden endringar i systema sine etter det som er blitt avdekka i Bergen.

– For å redusere risikoen for at manuelle rutinar for naudsynt sletting sviktar, vil vi framover berre importere foreldre med foreldreansvar frå Folkeregisteret, seier seksjonssjef for barnehagar i Oslo kommune, Hege Sevatdal.

Mødrer eller fedrar som ikkje har foreldreansvar, men som etter barnelova har rett til informasjon (sjå faktaboks), må difor aktivt ta kontakt med barnehagen for å få det.

Foreldre har bedt om sletting

Sevatdal seier dei har vore uroa for at noko liknande som har skjedd i Bergen, også kan skje i Oslo.

– Eg trur alle kommunar og barnehageeigarar er uroa for at svikt i systemet skal råke barn og familiar som lever i skjul. Vi gjer alt vi kan for å forhindre at slike ting skjer, seier Sevatdal.

Ho seier kommunen veit om eit «fåtal tilfelle» der ein av foreldra har tatt kontakt for å få slette den andre forelderen fordi vedkommande ikkje har foreldreansvar.

Oslo kommune veit ikkje omfanget og har så langt ikkje fått informasjon om at dette har fått like alvorlege konsekvensar som i Bergen.

– Det som har skjedd i desse tilfella, er at det har skjedd endringar etter at opplysningane er lagt inn. Til dømes at det har kome ein ny dom. Då er vi avhengige av at foreldre tek kontakt og gir oss oppdatering, seier Sevatdal.

Ho legg til at foreldre må registrere seg som brukarar av Truegroups. Det blir ikkje sendt ut automatiske e-postar, slik som under innføringa av Vigilo i Bergen.

– Fordi det kan vera forseinkingar i opplysningar frå Folkeregisteret, er det også avgjerande at foreldre sjølv tek kontakt slik at vi raskast mogleg får oppdatert systema våre, seier Sevatdal.