NRK Meny

Os vil etablere stort asfaltdeponi

Os kommune har søkt fylkesmannen om løyve etter forureiningslova til mottak og lagring av inntil 10.000 m3 asfalt på Brandsneset. Massane skal brukast til oppbygging og reparasjon av vegar, og det vil vere behov for fresing inntil ni dagar årleg. Saka er på høring hjå fylkesmannen fram til 1. mai.

Asfaltdeponi Brandsneset
Foto: Os kommune