NRK Meny
Normal

Ørn legg vekk mystisk påfugl-sak

Påfuglforsvinnga i Bergen blir truleg droppa av politiet. – Me har ingen konkrete bevis å gå etter, seier politistasjonssjef Morten Ørn.

Sjef for bergen sør politistasjon, Morten Ørn

SPORLAUST VEKKE: Ingen konkrete spor å gå etter, gjer at politiet må legge vekk den moglege påfugl-kidnappinga i Bergen.

Foto: Mikal Olsen Lerøen

Seint i desember i fjor forsvann dei tre påfuglane frå familien i Fana i Bergen.

Først trudde ein at dei ville dukka opp att av seg sjølv, men det skjedde ikkje.

Familien etterlyste etter kvart fuglane i sosiale medium, og responsen lét ikkje venta på seg.

– Me fekk inn tips om at tre menn med ein stor håv var observert i nabolaget på det tidspunktet fuglane skal ha forsvunne, seier eigar Lasse Sem Henriksen.

Ingen spor å gå etter

Då valde dei å melde saka til politiet. Men det ser ikkje ut til å gje resultat.

– Me tok imot ei melding like før påske, nærare tre månader etter dei skulle vore stolne. I meldinga kjem det ikkje fram konkrete opplysningar om kva som har skjedd og eventuelt kva for gjerningspersonar det kan vera snakk om.

Ørn meiner det dessverre har gått for langt tid, og at dei ikkje har nokon spor å gå etter.

– Det har gått veldig lang tid, og det er eit dårleg utgangspunkt for ei etterforsking. Med mindre det kjem fram nye opplysninga i saka no, kjem me til å legga den vekk.

– Som forventa

Sissel Bratlie og forsvunnet påfugl

Sissel Bratlie og ein av dei tre forsvunne påfuglane.

Foto: Privat

Lasse Sem Henriksen eig fuglane saman med sambuar Sissel Bratlie. Han er ikkje overraska over konklusjonen til politiet.

– Me hadde ikkje forventa noko anna. Dei har nok viktigare ting å bruka ressursar på.

Han og sambuaren Sissel Bratlie meiner det er mest sannsynleg dei er blitt stolne.

– På grunn av observasjonane som er gjort då dei forsvann, så trur me det.

Han meiner motivasjonen for å stela dei kan vera så mangt.

– Det kan jo vera fjørene folk har tatt dei for, dei blir brukt til pynt og mange flogebindarar bruker dei – og det er dyrt å kjøpa inn.

Men sjansen for at tjuvane ikkje heilt veit kva dei har tatt er også sannsynleg.

– Det skal ikkje forundra meg om det har hamna på matfatet, at dei har trudd at dette var andre fuglar.

Var også vakthund

For familien i Fana, som også har andre dyr på garden, er det trist at fuglane er forsvunne.

– Dei er fine å sjå på, og det er veldig koselege å ha dei her. Hannen er også litt vakthund. Han har skremt vekk reven fleire gong, han skrik fælt når det er fare på ferde.

Familien har gitt opp håpet om at fuglane skal koma tilbake, men det blir ikkje siste gong ein ser påfuglar i Fana.

– Ja, det kjem nok nye med tida, seier Henriksen.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.