Hopp til innhold

Ørkenfugl observert i Noreg – fuglekikkarar flokkar til Øygarden

Trompeterfinken observert i Noreg for andre gong i historia.

Fuglekikkere studerer trompeterfinken i Øygarden

SKODELYSTNE: Måndag hadde allereie om lag 20 fuglekikkarar samla seg i Øygarden i Hordaland for å få eit glimt av trompeterfinken.

Foto: Frode Falkenberg

Måndag føremiddag gjekk alarmen for norske fugleinteresserte. Spurvefuglen trompeterfink var observert i Øygarden kommune.

Meldinga fekk det til å gå kaldt nedover ryggen på Frode Falkenberg i Norsk ornitologisk foreining.

– Dette er ei verkeleg bombe, seier ornitologen.

Fuglen er berre sett i Noreg éin gong tidlegare. I 2013 chartra fugleinteresserte privatfly for å få med seg fuglen sitt opphald i Fredrikstad.

Trompeterfink

TROMPETERFINK: For andre gong i historia er ørkenfuglen trompeterfink dokumentert i Noreg. Ein sensasjon, konkluderer fuglemiljøet.

Foto: Bert de Bruin

Når ørkenfuglen dukkar opp i Noreg for andre gong, går difor alle alarmar i fuglemiljøet.

– Det er eit sjokk i miljøet at denne dukkar her på denne tida av året. Rett og slett ein skrell, kommenterer ein engasjert Falkenberg til NRK.

Nomade på avvege

Trompeterfinken er ein liten spurvefugl i finkefamilien, og gjekk tidlegare under namnet ørkendumpap. Arten held til i område med fjellørken, steinørken og halvørken i eit belte frå Kanariøyane i vest til Pakistan og India i aust.

Frode Falkenberg

ORNITOLOG: Frode Falkenberg i Norsk ornitologisk forening.

Foto: Per Vidar Raunholm / NRK

Trompeterfinken held seg som regel til eit avgrensa område, men nomadiske trekk gjer at han enkelte år dukkar opp i nye område – som Øygarden i Hordaland.

Sverige og Danmark har registrerte høvesvis ni og fire funn av arten, men fuglen er slett ikkje vanleg på desse lengegrader.

– Dette er definitivt ein som har forvilla seg langt nord. Fuglen er truleg eitt år og har nok hatt litt «trekkuro» i kroppen, i tillegg til å ha vore heldig med vêrtilhøva.

– Spektakulært

Fuglen blei oppdaga av Eirik Nydal Adolfsen. Han er ein ivrig naturfotograf og kom reint tilfeldig over ørkenfuglen på eit jorde i Breivik, vest i kommunen.

– Eg skjøna ganske kjapt at det var ein trompeterfink. Fuglen er liten og brun, men har eit kraftig raudt nebb og liknar ikkje på noko anna me har i Noreg.

Etter ein halvannan time jakt, fekk Adolfsen foreviga den vesle karen til linsa.

– Det er spesielt artig å tenka på at den vesle krabaten har floge såpass langt. Bestanden i Spania er såpass liten, at det er nærliggande å tru at fuglen har opphav i Nord-Afrika eller Midtausten.

Trompeterfink

SIST SETT I ØSTFOLD: Denne trompeterfinken slo seg ned på Øra i Fredrikstad i august i 2013. Fire år seinare er fuglen på ny dokumentert i Noreg.

Foto: Tommy Andre Andersen

Forventar storinnrykk til helga

Fuglen er mest truleg ein ung hann, ifølgje Falkenberg.

– Han blei truleg fødd i fjor. Slike eittåringar er mindre erfarne og hamnar difor lettare utanfor planlagd rute.

No valfartar fuglekikkarar til Øygarden. Måndag var det rundt 20 personar som fekk teke fuglen nærare i syne. Til helga ventar Falkenberg storinnrykk av skodelystne som vil dokumentera fuglen.

– Fuglen i Østfold heldt stand i Noreg i to månader. Det er godt mogleg at denne også held seg her såpass lenge. Kva den gjer etterpå, må gudane vita.