Ordførarlønene: Sara går frå studielån til millioninntekt

Løna til 26-åringen ligg langt høgare enn det som var vanleg for norske ordførarar i fjor. – Eg kjem framleis til å vere nøktern, seier den ferske ordføraren om den mangedobla inntekta. Sjekk kva din ordførar tente i fjor.

Laster kart, vennligst vent...

ORDFØRARLØNA: Klikk i kartet for å sjå kva ordføraren i din kommune tente i fjor. Mørkare farge tyder høgare likningsinntekt.

Sara Hamre Sekkingstad (26) er nyvald ordførar i Alver kommune. I skattelistene for 2018 er ho oppført med 125.389 kroner i inntekt.

– Eg hadde studielån og litt honorar frå fylkeskommunen og levde veldig greitt på det, seier Sekkingstad, som har vore folkevald for Senterpartiet i Hordaland fylkesting dei siste fire åra.

Sara Sekkingstad i Senterpartiet

RYDDAR: Dagen etter valet rydda Sara Hamre Sekkingstad bort effektar og valprogram. Nokre veker seinare blei ho ein av dei yngste ordførarane i landet.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Lønshopp for nye i ordførarstolen

No er studenten blitt ordførar for storkommunen Alver, som frå nyttår av erstattar dei tre kommunane Lindås, Meland og Radøy. Der ventar ei årleg inntekt lik den til ein stortingsrepresentant, på 956.463 kroner.

– Det er ikkje løna som gjer at eg har tatt jobben, på ingen måte, understrekar ho.

NRK har sjekka inntektene til 354 av dei 356 ordførarane i det nye Kommune-Noreg. Det er store svingingar i kva dei tente i fjor. Ikkje overraskande svingar det mest mellom dei som no er heilt nye i ordførarstolen.

  • Medianinntekta til dei nyvalde ordførarane var 558.000 kroner i 2018. Medianinntekta til dei gjenvalde ordførarane var 764.000 kroner.
  • 42 ordførarar hadde meir enn ein million kroner i skattbar inntekt fjor. 21 av dei, altså halvparten, var sitjande ordførarar.
  • Noregs rikaste ordførar er Bjørn Ole Gleditsch i Sandefjord. Han hadde 532,3 millionar kroner i formue og 10,3 millionar kroner i skattbar inntekt. Han betalte 7,7 millionar i skatt. Formuen stammar frå eigarposten i malingfabrikken Jotun AS.

– Stor overgang for meg personleg

I andre enden av skalaen er den nye Alver-ordføraren. Sekkingstad har lenge vore engasjert i Senterpartiet og Senterungdommen, og då partiet sin ordførarkandidat i Alver blei fylkesordførar i nye Vestland fylke, rykka ho opp.

Ho vil ikkje meine noko om nivået på ordførarløna, men seier det vil bli ein stor overgang for ho personleg.

– Det er ein overgang. Frå studenttilværet er eg vand med å vere nøktern, så eg vil nok oppleve økonomien som romsleg.

Nils Aarsæther, seniorforsker Norce

SENIORFORSKAR: Nils Aarsæther ved Norce i Tromsø er professor og har lokaldemokratiet som spesialområde.

Foto: Jørn Inge Johansen / NRK

Seniorforskar Nils Aarsæther ved Norce i Tromsø meiner ikkje den generelle ordførarløna i Noreg er for høg. Han trekk fram at ordførarstillinga er krevjande og at ein ordførar må stå til ansvar heile døgeret.

– Viss ein samanliknar med leiarløningar i større bedrifter i privat næringsliv, vil eg seie at ordførar har ei passeleg løn som blir oppfatta som rimeleg i vårt samfunn.

Aarsæther meiner både stortingspolitikarar og ordførar må vere klar over at innbyggjarane følgjer lønsutviklinga deira tett.

– Alle er opptekne av moderasjon i det offentlege. Ei løn på 800.000 kroner kan verke mykje i ein kommune med svak økonomi med mange pensjonistar og uføre. Ein skal vera veldig var i eit kommunestyre før ein vedtek å auke løna, seier seniorforskaren.

Laster kart, vennligst vent...

ORDFØRARLØNNA: Klikk i kartet for å sjå kva ordføraren i din kommune tente i fjor.