– Han betydde veldig mykje for Øygarden

Øygarden-ordførar Otto Harkestad er død, 61 år gamal. – Det er veldig trist. Me er i sjokk, seier varaordførar.

Anne-Grethe Solbakk

MARKERER: Varaordførar Anne-Grethe Solbakk ved kondolanseprotokollen i rådhuset på Rong.

– Otto var ein populær ordførar og kjente dei fleste innbyggjarane i Øygarden, så det er ein veldig trist dag for heile kommunen, seier varaordførar Anne-Grethe Solbakk.

Ordførar Otto Harkestad vart funnen død i heimen sin måndag 8. desember klokka 19.30. I ei pressemelding skriv Øygarden kommune at dødsfallet kom brått og uventa på, og vert opplevd som eit stort tap for heile Øygarden.

– Me tenkjer veldig mykje på familien hans, og me er opptatt av at dei blir godt varetatt, seier varaordførar Anne-Grethe Solbakk.

Politiet kjem til å gjere ein rutinemessig obduksjon for å finne dødsårsaka, og vil legge resultatet fram for familien når dette er klart.

– God ambassadør

Otto Harkestad

STORT TAP: Øygarden kommune skriv at dødsfallet til ordførar Otto Harkestad kom brått på, og vert opplevd som eit stort tap.

Foto: Arbeiderpartiet

Otto Harkestad var ordførar for Arbeidarpartiet i Øygarden frå 2011. Alt i 1988 var Harkestad inne i formannskapet.

– Det er med stor sorg eg fekk meldinga om ordførar Otto Harkestad sin bortgang. Ein heidersmann har gått bort. Eg lyser fred over hans minne, skriv Bergensordførar Trude Drevland (H) på Twitter.

I tillegg til ordførarperioden Harkestad no var inne i, har han har sete seks år som ordførar. Den første perioden han var ordførar var frå 1990 til 1991, og den andre perioden var frå 1992 til 1995.

– Han var ein ordførar for alle, og han var flink til å delta på arrangement. Han var ein god ambassadør, både inne og på utsida av kommunen, seier varaordførar Anne-Grethe Solbakk.

Markerer mange stader

Kommunen skriv at det frå klokka 12.00 tysdag vil bli lagt ut kondolanseprotokoll i rådhuset på Rong, og at det vert flagga på halv stong frå alle kommunale bygg.

All politisk aktivitet og politiske møte i kommunen vert utsett inntil vidare.

– Det kjem nok også til å vera ein liten markering ute på einingane, og kanskje på skulane slik at alle kan få ta del i prosessen, og få lov å uttrykkje si sorg, seier varaordførar Solbakk.

– Otto gjorde ein kjempeflott jobb, og døra hans stod alltid open. Han var open og imøtekommande, og var alltid blid og hyggjeleg med alle. Han var ein veldig viktig person for oss alle, seier ho.