Hopp til innhold

Ordføraren gav innspel til millionavtale – så vart han erklært inhabil

Kvinnherad-ordføraren kan privat tena 150.000 kroner på at eit lokalt kraftlag blir kjøpt opp. Likevel har han i fleire månadar vore bindeleddet i dialogen mellom selskapet og kommunen.

Peder Sjo Slettebø

INHABIL, MEN AKTIV: Ordførar Peder Sjo Slettebø (H) har lenge vore engasjert i fusjonsprosessen til Fjelberg Kraftlag, men erklærte seg først inhabil sist veke.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Formannskapet i Kvinnherad skal onsdag kveld ta stilling til framtida til Fjelberg Kraftlag, ei sak som gjeld store framtidige millioninntekter for kommunen og innbyggjarane.

Planen er å slå saman det vesle straumnettselskapet med Haugaland Kraft, men prosessen har utvikla seg til å bli uoversiktleg og omstridd:

  • Ordføraren, rådmannen og heile rådhuset er inhabile.
  • Lokalpolitikarane kjem til kveldens møte utan eit einaste saksdokument, i ei sak som handlar om fleire titals millionar i inntekt.
  • Og ikkje minst blir planen skulda for å vera lovstridig.

«Holde kjeft»

Ein konsekvens av fusjonen er nemleg at 970 medlemar kan få heile selskapets formue utbetalt på deling. Fusjonsplanane går ut på at eigarane av Fjelberg Kraftlag AS får aksjar i Haugaland Kraft til ein verdi av 310 millionar kroner.

Ifølgje avtaleutkastet kan Fjelberg Kraftlag så krevja å få selja aksjane tilbake til Haugaland Kraft AS innan neste år, altså å ta ut dei 310 millionane.

Kvinnherad kommune, som er største straumkunde i Fjelberg kraftlag, har blitt førespegla 30 millionar kroner utbetalt som følgje av ei slik løysing.

Men framgangsmåten kan vera ulovleg. NRK avslørte denne veka at styreleiaren og den daglege leiaren på eit informasjonsmøte sa at det er lurt å ikkje snakka for høgt om dette til Stiftelsestilsynet, som skal godkjenna om samvirkeselskapet får bli aksjeselskap.

– Kvinnherad kommune kan sjølvsagt ikkje bidra til ein transaksjon viss den er ulovleg, seier varaordførar Hans Inge Myrvold (Sp).

Styreleiar Sverre Olav Handeland i Fjelberg Kraftlag har avvist at prosessen er lovstridig.

Informasjonsmøte i Fjelberg Kraftlag 15. oktober 2018

«AT HOLDE KJEFT»: Medlemmane i det vesle samvirkeselskapet Fjelberg Kraftlag fekk 15. oktober eit råd frå styreleiaren om at «nu gjelder det at holde kjeft» overfor Stiftelsestilsynet.

Foto: Privat

Inhabile

Men Myrvold har fleire innvendingar mot fusjonsprosessen.

Sist veke slo Fylkesmannen fast at både rådmannen (og dermed alle rådhustilsette) og ordføraren er inhabile i saka, fordi dei potensielt har eigne økonomiske interesser som medlemmar i Fjelberg Kraftlag.

Ein vanleg familie som er medlem i kraflaget vil nemleg få utbetalt 150.000 kroner i snitt om aksjane deira blir seld neste år.

Dette gjorde at rådmannen i nabokommunen Tysnes vart beden om å førebu saka for formannskapet. Men dei folkevalde har ikkje fått nokon dokument før møtet som starta 17.00 onsdag ettermiddag.

– Dette er ei stor og vanskeleg sak, men politikarane får ingen informasjon før me skal handsama den.

I Kvinnherad deler Høgre og Senterpartiet på fleirtalsmakta. Varaordførar Myrvold (Sp) stiller likevel spørsmål ved at Høgre-ordføraren i lang tid har vore den som har styrt informasjonsprosessen overfor dei andre folkevalde.

– Formannskapet kjenner veldig lite til om ordføraren har representert kommunen, eller kva dialog han har hatt med Fjelberg Kraftlag. Og skulle han hatt den dialogen når han er medlem der? spør Myrvold.

Ordføraren gav innspel

Peder Sjo Slettebø (H) seier kommunen og han som ordførar har vore godt orientert om prosessen.

Kvinnherad-ordføraren avviser at han eller kommunen har deltatt i fusjonsforhandlingane mellom dei to selskapa.

– Men me har blitt orientert om kva dei har forhandla om.

– Har du gitt signal til forhandlingane?

– Eg har gitt uttrykk for at det sjølvsagt kan vera interessant for kommunen å ha aksjar i ein stor, regional kraftaktør, men at det også kan vera interessant å selja aksjane.

– Kvifor vart du og rådmannen erklært inhabil først denne månaden, når du har vore involvert i prosessen i fleire månadar?

– Fordi det fram til no ikkje har vore nokon formell politisk prosess om dette i kommunen. Eg ser ikkje at eg kan ha vore inhabil i slike samtalar, og har ikkje gitt inntrykk av at kommunen ville vera aksjonær. Det må politisk behandlast.