NRK Meny
Normal

Ordføraren endeleg klar på Askøy

Det tok to veker, men no er det avgjort. Terje Mathiassen frå Arbeidarpartiet er ny ordførar i Askøy kommune.

Terje Mathiassen, ordførar i Askøy frå 2015

NY ORDFØRAR: Terje Mathiassen frå Arbeidarpartiet er Askøy sin nye ordførar dei fire neste åra.

Foto: NRK

Vallogo

Dermed er det slutt for Siv Høgtun frå Høgre, som har vore ordførar i kommunen vest for Bergen sidan 2011.

Samtalane mellom dei ulike sidene har gått føre seg heilt sidan valet for to veker sidan. Det er Ap, Askøylisten, SV, Rødt og Miljøpartiet Dei Grøne som har blitt einige om å danne ein fleirtalskoalisjon på grunnlag av ein politisk plattform.

Det skriv Arbeidarpartiet i ei pressemelding klokka 10.00. Det politiske slagordet lyder: «Askøy skal bli den grøne, aktive og inkluderande øya».

Terje Mathiassen (Ap) blir dermed ny ordførar på Askøy.

Varaordførar frå Askøylisten

Varaordførar blir Bård Espelid frå Askøylisten, ifølge avisa Askøyværingen. Arbeidarpartiet fekk 11 mandat i kommunestyret etter valet, og trengde sju mandat til for å danne fleirtal.

Dei fordeler seg slik mellom samarbeidspartia: Ap (11), Askøylisten (3), SV (2), Rødt (1) og MDG (1).

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Valgresultat Askøy, kommunevalget 2015» i nytt vindu

– Gode diskusjonar

Det er ein glad Mathiassen som tar telefonen når NRK ringer måndag. Sjølve samarbeidet i koalisjonen vart klart søndag kveld.

– Den viktigaste saka vi må ta tak i no er budsjettet. Vi ser det som viktig å styrke skulane, eldreomsorga og kulturen, seier Ap-ordføraren.

Sjølv om det tok tid før maktskiftet endeleg var klart i Askøy, så har forhandlingane vore bra, meiner han.

– Det har vore eit fint diskusjonsklima mellom partia. Vi føler at alle partia har fått gjennomslag for viktige saker i den politiske plattforma.

Siste video

Vi flyttet studioet vårt ned til sentrum i anledning sykkel-VM
Opp mot 15.000 publikummere fant veien til Fløyen i Bergen under dagens temporitt.
Flere overnattet på fjellet for å holde av de beste plassene.