Hopp til innhold

Krev å møta Bjørnøy

Ordførarane i Austreim og Lindås krev å få møta miljøvernministeren. Dei godtek ikkje regjeringa sitt absolutte krav om CO2-reinsing på gasskraftverk.

 

Arkivfoto frå Mongstad
Foto: Bjørn Sigurdsøn / Scanpix

Ordførarane i Austrheim og Lindås har gått saman om eit brev til miljøvernminister Helen Bjørnøy.

Dei ønskjer å møta ho fordi ho har sagt at regjeringa ikkje vil godta bygging av eit gasskraftverk utan CO2-reinsing på Mongstad.

Vil klargjera fordelane

Lindås-ordførar Tove Linnea Brandvik håpar eit møte kan klargjera fordelane med bygging av gasskraftverket.

- Ho må få kjennskap til dei andre effektane av eit energiverk på Mongstad, meiner Branvik.

- Reduserer elektrisitetsforbruket

- Kva er det de ønskjer med eit slikt møte?

- Me ønskjer å få gitt meir informasjon om ringverknader og moglegheiter som ligg i dette energiverket og reduksjon av elektrisitetsforbruket i Nordhordland.