Hopp til innhold

Ordførarar føler seg overkøyrde

27 av 30 ordførarar i Hordaland meiner statlege byråkratar i stor grad har tatt over styringa for utbyggingspolitikken i kommunane.

Sigve Sørheim

Ordførar Sigve Sørheim i Etne er frustrert over Fylkesmannen sine motsegner.

Foto: Etne kommune

Etne kommune er ein av kommunane som har fått planar stoppa og forseinka av Fylkesmannen.

Det har vore vanskeleg for Etne å få godkjent ein ny plan for sentrum i kommunen. At sentrumsområdet i bygda er omgitt av jordbruksland fekk Fylkesmannen til å sette ned foten.

– Me må ha areal for å utvikla sentrum. Me kan ikkje flytta sentrum. Det kjennest frustrerande at me skal styra så lite over arealet sjølv lokalt, seier ordførar Sigve Sørheim i Etne.

– Eit demokratisk problem

Senterpartiordføraren i Etne er ikkje aleine om å meina at lokaldemokratiet for ofte blir overkøyrd.

Ei rundspørjing NRK har gjort blant ordførarane i Hordaland viser at 9 av 10 meiner at staten gjennom Fylkesmannen har for stor makt.

Frank Aarebrot i NRK sitt studio

Professor Frank Aarebrot.

Foto: NRK

Professor i samanliknande politikk, Frank Aarebrot, meiner dei lokale folkevalde har grunn til å protestera.

– Eg oppfattar det som eit demokratisk problem at det kan sitta ein noko-og-tjue år gammal miljøkonsulent hos Fylkesmannen og overkøyra samrøysta kommunestyre, seier Aarebrot.

Ulik verkelegheitsforståing

Ifølgje nestleiaren i kommunal- og forvaltingskomiteen på Stortinget er dette noko ordførarar frå ulike parti er einige om.

– Det er også Ap-, og Sp-ordførarar, heile spekteret av ordførarar meiner dette. Det er interessant, seier Gjermund Hagesæter (FrP).

Han meiner fleire regjeringar må dela ansvaret.

– Den verkelegheitsforståinga ein har ute i kommunane har ein altså ikkje inne i regjeringskvartala og på Løvebakken, seier Hagesæter.

Heikki Holmås (SV) er leiar for kommunal- og forvaltningskomiteen. Han er ikkje einig med nestleiaren i denne saka.

– Nesten alle me som sitt på Stortinget er folk som har sitte i kommunestyre rundt omkring over heile landet, og vore med på å gjort desse vedtaka.

– Hordalendingane bryt eigne planar

Heikki Holmås

Heikki Holmås

Foto: NRK

Holmås synest det er kjedeleg at så mange som 9 av 10 ordførarar meiner Fylkesmannen har for stor makt.

– Det er viktig at me har gode demokratiske prosessar lokalt, for å bestemma kva me skal bruka ulike område i kommunane til. Samstundes så må hordalendingar sjå at i Hordaland har kommunepolitikarane laga planar, men vore veldig raske med å bryta sine eigne planar, sjølv om planane har vore lokaldemokratisk forankra, seier Heikki Holmås.

Tal Holmaas sit på viser at Fylkesmannen i Hordaland i fjor mottok 1600 dispensasjonssøknadar. I Vestfold blei det søkt om dispensasjon i berre sju saker.

– Det betyr at i Hordaland er ein mykje råare på å bryta sine eigne tidlegare vedtatte planar, enn det folk er andre stadar i landet. Det trur eg er ei kulturendring som lokalpolitikarar i Hordaland må gjera noko med, seier Holmås.

Skuldar ikkje på Sponheim

Politikarar i Bergen har fleire gonger kritisert Fylkesmannen Lars Sponheim . Etneordføraren synest det er feil å skulda på den sittande Fylkesmannen, men han meiner noko må gjerast.

– Difor må Stortinget og regjeringa ta tak i dette. Me sett lokaldemokratiet til sides, og det er noko me ikkje kan ha framover, seier Sørheim.