Hopp til innhold

Ordførarane smykkar seg for millionar

Mens nokre ordførarar flottar seg med ordførarkjede til over 300.000, er andre nøgde med ein fjerdedel av prisen. – Vi kan ikkje bruke pengar på uting, seier fylkesordføraren i Innlandet.

Anne Gine Hestetun, Jon Askeland og Jenny Følling

GAMLE OG NYE: Anne Gine Hestetun, Jon Askeland og Jenny Følling, med ordførarkjeda for Hordaland, Vestland og Sogn og Fjordane.

Foto: Hordaland fylkeskommune

Ved årsskiftet skal 109 kommunar bli til 43, og 13 fylke blir til seks. Det betyr eit gullår for alle gull- og sylvsmedane som får jobb med å laga dei nye ordførarkjeda.

Men nokre smedar får meir betalt enn andre.

Det er nemleg store variasjonar på kor mykje dei ulike kommunane og fylka vil investere i det glitrande symbolet. Mens nokon set av fleire hundre tusen kroner, får andre same produkt til ein fjerdedel av prisen.

Jon Askeland får fylkesordførarkjedet

KONSTITUERT: Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) blei konstituert til ny fylkesordførar i Vestland i ein høgtidleg seremoni i oktober.

Foto: Vestland fylkeskommune


– Skal ikkje bruke pengar på uting

Ifølgje tal NRK har henta inn, er Innlandet det fylket som har brukt minst pengar på ny ordførarkjede. Dei har brukt 67.000 kroner.

Fylkesordførar Even Aleksander Hagen (Ap) fortel at dei bevisst har gått inn for å vere nøktern i pengebruken.

– Å bla opp mange hundre tusen meinte vi var gale. Vi skal ikkje bruke pengar på uting, men på tenester.

– Andre fylke har brukt opp til 300.000?

– Det er opp til den enkelte fylkeskommune, men eg synest det er mykje pengar. Vi skal ha ei fin fylkesordførarkjede, men ikkje bruke meir enn kjeda er nøydd til å koste, seier Hagen.

Han legg til at det er mykje anna fylkeskommunen skal bruke pengar på, som til dømes skule, bussar og betre vegar.

Fylkesordførar Innlandet Even Aleksander Hagen (Ap)

NØKTERN: Fylkesordførar Even Aleksander Hagen (Ap) i Innlandet meiner det er gale å bruke over hundre tusen kroner på ordførarkjede.

Foto: Jan Kenneth Bråten / NRK

Vestland bruker mest

I andre enden har nye Vestland fylke vore blant dei mest rause og bladd opp 300.000 kroner for den nye kjeda.

– Det skal jo vare, svarar fylkesordførar Jon Askeland (Sp).

Han kjenner ikkje til budsjettrammene, men meiner det er verdt å bruke slike summar på ei ny kjede.

– Ja, det er det. Det er om å gjere å få eit symbol som samlar Vestlandet. Og det er jo i den prisklassen ordførarkjeder ligg på.

Men er det ikkje litt råflott?

– Eg er heilt sikker på at det ikkje er brukt meir enn den reelle kostnaden. Dette er eit symbol som skal samle 630.000 innbyggarar og få folk til å skinne. Det er i alle fall ikkje dette som gjer at fylket går nedanom økonomisk, seier Askeland.

Ordførerkjede Alver

NYTT KJEDE: Gullsmed Hilde Rønning Rongevær fekk i oppgåve å lage det nye ordførarkjede til Alver kommune.

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK


– Har med identitet å gjere

På kommunenivå ligg Sunnfjord og Tønsberg i toppen, som begge har brukt 300.000. Til samanlikning er Volda og nye Alver kommune nøgde med å bruke 65.000 og 70.000 kroner.

BT-kommentator og forfattar av boka «Kommunal feelgood», Jens Kihl, meiner ordførarkjeda har ein viktig betydning.

– Dei blir henta fram på høgtidsdagar og ved store hendingar. Det har med identitet å gjere. Eg trur det er viktig.

Bør ein bruke fleire hundre tusen?

– Det er noko som skal vare, og ikkje eit slagord som ein bytar ut. Mange kommunar ser ut til å finne gode løysingar for ein rimeleg penge.

Så 300.000 er innanfor?

– Pengane sit kanskje litt laust i Sunnfjord om dagen. Men om det blir eit vakkert kunstverk som skal vare i generasjonar, så er kanskje ikkje kostnaden så stor, seier Kihl.