Hopp til innhold

Krev pengar frå Brustad

I dag stiller 26 ordførarar frå Hordaland opp hjå helseminister Sylvia Brustad for å krevja meir pengar til Haukeland sjukehus og Helse Vest.

Ordførar-opprop
Foto: Eli Bjelland / NRK

Ordførarane krev at Helse Vest ved revidert nasjonalbudsjett i mai får like mykje for kvar pasient som det dei andre helseregionane får.

Herman Friele
Foto: Marit Hommedal / Scanpix

Friele mannen bak

Det er ordførar i Bergen, Herman Friele, som har teke initiativet til ordføraroppropet.

-  Det er mange menneske som kunne blitt redda dersom skeivfordelinga blir retta opp, og dersom Helse Vest får like mykje pengar som resten av helseføretaka, seier han.

11% mindre enn resten av landet

Gjennom fleire år har Helse Vest fått 11% mindre midlar enn landsgjennomsnittet.

For budsjettåret 2006 må Haukeland sjukehus kutta meir enn 164 millionar kroner.

Dramatiske konsekvensar

Dette vil mellom anna føra til at:

  • 460 operasjonar ved kirurgisk klinikk må skrinleggjast.
  • karakteriseringa av sjukehuset som eit «katastrofeområde» ifølgje Arbeidstilsynet ikkje vil bli følgd opp.
  • det blir inntil 2000 færre innleggingar og 10 000 færre polikliniske konsultasjonar.
  • hjartepasientar med til dels alvorleg angina vil få lengre ventetid i kø for behandling.
  • naudsynt vedlikehald må utsetjast eller skrinleggjast. Helse Bergen har allereie eit etterslep på vedlikehald på 1,5 milliardar kroner.

Me håpar at regjeringa sikrar at vestlendingane sitt viktigaste helsetilbod blir teke vare på gjennom revidert budsjett før liv går tapt.

Ordførarar i Hordaland

 

- Har like mykje rett på å bli friske

- Eg kan ikkje forstå kvifor vestlendingane blir diskriminerte. Me er like sjuke her som i resten av landet, og me har same rett til å bli friske, meiner Friele.

- Og dette forventar du at regjeringa skal kunna retta opp allereie i revidert budsjett no i mai?

- Me håpar det, men det skal i alle fall inn i det nye statsbudsjettet til neste år. Me har inga tid å tapa, og det trur eg Sylvia Brustad no får med seg.