Ordførar om flytting av eldre: – Lite medmenneskeleg

Ordføraren i Modalen meiner nabokommunen opptrer lite medmenneskeleg når dei vil tvangsflytta tre bebuarar frå ein sjukeheim i bygda.

Tom Kristian Thorsen, ordfører i Modalen

KLINSJ: Tom Kristian Thorsen, ordførar i Modalen, meiner Vaksdal kommune opptrer lite medmenneskeleg i saka om flytting av tre sjukeheimsbebuarar.

Foto: Ørjan Deisz / BT

– Eg skulle ønskje at dei sette mennesket meir i fokus. No verkar det som om det handlar om økonomi, det er lite medmenneskeleg, seier ordførar i Modalen, Tom Kristian Thorsen til NRK.

– Eg vil ikkje kommentere ein karakteristikk eg ikkje kjenner meg att i. Det får stå for hans rekning, svarar Vaksdal-ordførar Eirik Haga.

Flyttar eldre for å spare pengar

Bakgrunnen for den harde ordvekslinga er lagnaden til tre sjukeheimspasientar i Modalen.

Vaksdal har eigd fire plassar på Modalstunet i mange år for at vaksdølar frå Eksingedalen og Eidslandet skal få bu nær heimen.

Men for å spare pengar vil Vaksdal kommune no flytte pasientane til sentrum av Vaksdal.

Skulle bli flytta

Torsdag skulle dei tre ha flytta. Pleie- og omsorgsleiar Solrun Haugland i Vaksdal fortel at ein flytta frivillig, ein har meld flytting til Modalen, medan situasjonen er uviss for den tredje bebuaren.

– Ho yngste har flytta, det var ingen dramatikk, ho såg fram til å koma til Dale, seier Haugland.

Driftsavtalen med Modalen held ikkje fram, sjølv om ein vaksdøl førebels vil bli buande i Modalen.

– Trist

– Det er trist at dei blir henta ut på denne måten. Vi skal gje dei pleie og omsorg så lenge dei bur i Modalen, seier Modalen-ordføraren.

Men han legg til:

– Dette er innbyggjarar i Vaksdal kommune. Dei har ansvar for desse menneska. Samstundes ser eg det kanskje er like greitt at dei flyttar Eksingedalen og Eidslandet til Modalen ein gong for alle.

Vaksdal-ordførar Eirik Haga held fast ved at kommunen for å spara pengar tilbyr tre bebuarane plass på sjukeheimar sentralt i Vaksdal.

Siste video

Bergen stasjon, eller Jernbanestasjonen? Sterke meiningar i Vestlandsrevyen i dag. Her kan du også sjå at Bergen kommune vil ha folkedugnad mot bygningsforfall, og flyktningar slit med einsemd. 
Programleiar Jan Børge Leirvik.
På nytt vekker gatekunstner AFK oppsikt. Nå har han malt det som trolig er landets lengste «street art», laget av en enkelt kunstner.
Se 10. klassene fra Ortun og Kinsarvik kjempe om å vinne fylkesfinalen i Klassequiz!