NRK Meny
Normal

Ordførar meiner nabokommunen ville «kuppe» Hardanger-namnet: – Trudde det var ein spøk

Namnestriden kring den nye vidaregåande skulen i Kvam avgjort på øvste politiske nivå i Hordaland.

Norheimsund vidaregåande skule

HARDANGER VGS?: Norheimsund vidaregåande skule, på biletet, er slått saman med Øystese gymnas. Kvemmingane ynskjer å kalla skulen Hardanger vgs, men får sterk motbør i resten av regionen.

Foto: Hordaland fylkeskommune

Sidan Norheimsund vidaregåande skule og Øystese gymnas offisielt vart slått saman 1. januar, har det vore diskusjonar om kva den nye skulen skal heite.

Både Kvam Næringsråd og dei to skulane ynskjer at namnet skal vere Hardanger vidaregåande skule. Det er fleire av nabokommunane svært misnøgde med.

– Det er uaktuelt at skulen i Kvam skal bruke Hardanger-namnet, seier ordførar i Odda, Roald Aga Haug (Ap).

Trudde forslaget var ein spøk

Roald Aga Haug, ordfører i Odda kommune (Ap)

TRUDDE DEI SPØKTE: Ordførar i Odda, Roald Aga Haug, trudde Kvam herad spøkte då dei ville kalle den nye skulen for Hardanger vidaregåande skule.

Foto: Henrik Evertsson / NRK

– Vi trudde forslaget var ein spøk, seier Aga Haug.

I dag fungerer Norheimsund vidaregåande og Øystese gymnas som to einingar, men etter planen skal ein ny, felles skule vere på plass i 2027.

Etter debatt i fylkestinget i Hordaland tysdag ettermiddag, fekk Odda-ordføraren viljen sin. I 17-tida var namnestriden avgjort.

– Vi landa på namnet Kvam med rundt to tredels fleirtal, fortel fungerande fylkesordførar, Pål Kårbø (Krf).

Hadde Kvam fått viljen sin, ville dei tre vidaregåande skulane i Hardanger blitt heitande Hardanger vgs., Odda vgs. og Hjeltnes vgs. Odda-ordføraren meiner namnet ville ha devaluert dei to andre vidaregåande skulane i Hardanger.

– Namnet Hardanger er eit symbol for alle dei sju kommunane, og bør brukast med kløkt og respekt. Å bruke regionnamn på den eine skulen, når dei to andre har lokale namn, ville sett førstnemnde før dei to andre, meiner Roald Aga Haug.

– Blir forveksla med Gudbrandsdalen

Jostein Ljones foran raset på fv 7

KAN SKAPE FORVIRRING: Ordførar i Kvam, Jostein Ljones, fryktar at det kan skape forvirring når både skulen, staden og kommunen heiter det same.

Foto: Christian Lura / NRK

Forslaget var aldeles ingen spøk, fortel ordførar i Kvam, Jostein Ljones (Sp). Likevel forstår han at dei andre kommunane er ueinige.

– Eg kan til ei viss grad forstå at dei reagerte, seier han.

Han meiner likevel det vil skape forvirring at skulen skal heite Kvam.

– Kvam er både eit stadnamn og eit kommunenamn. I tillegg vert det ofte forveksla med Kvam i Gudbrandsdalen.

Ljones meiner namnet Hardanger ville gjeve felles identitet, og viser til Hardanger Folkehøgskule på Lofthus.

– Ingen har protestert mot den, seier han.

Både opplæringsutvalet og fylkesutvalet har konkludert med å ikkje bruke Hardanger-namnet, og Haug syns det er rart at kommunen ikkje ville nytte sitt eige namn på skulen.

– Det er merkeleg at namnet Kvam var kontroversielt i Kvam kommune, seier han.

Den nye skulen skal liggja sentralt i Norheimsund og skal etter planen stå ferdig i 2027.

Siste video

Aune og Vebjørn Sand med lågterskel kunstutstilling i Bergen.
Programleder er Mariann Reikerås.