Hopp til innhold

Ordførar i retten i utvisingssak

Ordføraren i Bergen vil sitja på tilhøyrarbenken når Nathan (7) møter i retten. – Vår støtte er ikkje halvhjarta, seier Drevland.

Nathan Eshete

RETTSSAK OM FRAMTIDA TIL NATHAN: Avslaget på opphald for åtteåringen Nathan blir tema når Oslo tingrett behandlar søksmålet mot den norske staten i slutten av oktober.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Trude Drevland

MØTER I RETTEN: Ordførar Trude Drevland vil visa støtte til Nathan og foreldra hans.

Foto: Odd Arne Olderbakk/NRK

Åtteåringen Nathan har budd heile livet sitt i Bergen.

Han og foreldra har fått endeleg avslag på søknaden om opphaldsløyve. Men utkastinga er utsett fordi familien har gått til søksmål mot staten.

Saka kjem opp for Oslo tingrett i slutten av oktober.

– Ikkje eit pressestunt

– Eg ønskjer å visa at støtta til Nathan ikkje er noko halvhjarta frå mi side, seier Drevland (H) til Bergensavisen.

Politikarane i Bergen har tidlegare gitt brei støtte til Nathan og familien . Også fylkespolitikarane i Hordaland støttar kampen mot utkasting .

– Mi støtte er ikkje noko pressestunt. Det passar meg ikkje å driva med slikt. Skal ein uttrykka si støtte, så får ein gjera det skikkeleg. For meg vil det då vera rett å vera til stades i retten, seier ordføraren til avisa.

– Er ordførar for Nathan

Drevland stadfestar overfor NRK.no at ho møter i retten og følgjer saka den første dagen.

– Eg er ordførar for alle i Bergen, og vil vera ordførar for Nathan og visa at vi oppfattar han som bergensar og vil at han skal få bli, seier Drevland.

Høgreordføraren understrekar at hennar engasjement og synspunkt i saka er heilt uavhengig av kven som styrer i landet.

– Det er brukt totalt mangel på skjønn i denne saka. Eg syns det er pinleg at han framleis slit med å bli oppfatta som bergensar, seier Drevland.

Drevland både håpar og trur at rettssaka endar med at familien får bli.

Takknemleg for engasjement

– Kva tenkjer du om den sterke støtta familien Eshete har fått?

– Det viser at vi er eit varmt og romsleg samfunn. Det viser at vi står opp når vi ser stor urett. Det gjer meg glad og takknemleg.

Både leiaren i den lokale støttegruppa for Nathan og advokaten til familien seier dei er glade for at ordføraren stiller opp i retten.

Demonstrasjon på Torgallmenningen

DEMONSTRASJON: Det har vore fleire støttemarkeringar for familien, blant anna her på Torgallmenningen i Bergen.

Foto: Erling Johnsen / NRK