Ordførar i mini-kommune: – Fleire burde forstå at dei er for små

HARDANGER (NRK): Nabokommunen står aleine og betalar 200.000 kroner til folk som vil byggja hus. I Granvin er ordføraren glad for at kommunen blir historie.

Ordfører Ingebjørg Winjum i Granvin,

VIL BLI STØRRE: Ingebjørg Winjum tek med seg sine 934 innbyggjarar til den større naboen. Det meiner ho fleire burde gjera.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Ved årsskiftet blir 119 kommunar slått saman til 47. Kommunekartet blir redusert frå 428 til 354 kommunar.

Blant kommunane som er borte etter nyttår, er vesle Granvin herad i Hardanger.

Dei 934 innbyggjarane i fjordkommunen blir slått saman med Voss sine nesten 15.000, i nye Voss herad.

– Eg tenkjer fleire små kommunar burde ha tenkt som oss. Det er vanskeleg å vera liten, seier Ingebjørg Winjum (V), avtroppande ordførar i Granvin herad.

– Ein har små fagmiljø, er veldig sårbare og det er utfordrande å gi innbyggjarane gode nok tenester.

Håp for dei små?

Ei fersk NRK-undersøking viser at mange rådmenn ikkje trur på framtida som eigen kommune.

57 kommunar har gjort det motsette av Granvin: Å seia nei til samanslåing. Det er typisk små kommunar med eldre innbyggjarar.

Berre elleve av samanslåingane ved årsskiftet skjer med bruk av tvang.

Det er alt for få, meiner Winjum i Granvin.

– Framleis vil det vera mange små kommunar att. Det vil bli vanskeleg å skaffa seg fagfolk, og dei vil møta store utfordringar innanfor eldreomsorg og digitalisering. Stortinget kunne ha vore meir tydelege på at dei minste kommunane burde ha blitt del av noko større, seier Winjum.

– Brukt meir tvang, meiner du?

– Ja, det er vel det betyr.

Dette svarte rådmennene:

Tror du at din kommune fortsatt eksisterer om 10 år?

Får 200.000 kroner til hus

Nokre kilometer lenger inne i Hardangerfjorden ligg Eidfjord kommune. Ifølge SSB hadde Eidfjord 26 færre innbyggjarar enn Granvin i andre kvartal i år.

Eidfjord blir ståande åleine.

Her høyrde politikarane på innbyggjarane, og sa klart nei til samanslåing.

– Svaret var klart. Det har me halde oss til, seier mangeårig ordførar Anved Johan Tveit (Sp).

Kraftkommunen Eidfjord har i ei årrekkje dominert listene over dei rikaste kommunane i landet rekna per innbyggjar.

Alle som bygger hus, får 200.000 kroner frå kommunen.

Kraftinntektene gjer at kommunen har råd til fleire tilsette. Det betyr igjen sterkare fagmiljø og gjer Eidfjord mindre sårbar for sjukdom og permisjonar.

Men Tveit forstår argumentasjonen til nabo Winjum.

– Me har økonomi til å ha eit høgare tenestetilbod. Men eg skal innrømma at me er sårbare når det gjeld små fagmiljø. Difor prøver me å kompensera det me manglar med eit tettare kommunalt samarbeid.

Ordfører Anved Johan Tveit i Eidfjord

BYGGEFELT: Alle som byggjer nytt hus i Eidfjord får 200.000 kroner frå kommunen. – Me gir også vekk tomter gratis. Men desse oppi lia her er dyre å byggja ut, så dei kostar 300.000 kroner, seier ordførar Anved Johan Tveit (Sp).

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Varslar fleire samanslåingar

– Det er bra å sjå at fleire ordførarar ønskjer at kommunereforma held fram, seier Monica Mæland (H).

Kommunalministeren sit i ei regjering som ikkje er i tvil om at talet på kommunar må ned.

Stortinget har vedtatt at alle kommunesamanslåingar i perioden 2017–2021 skal skje frivillig.

Etter det kan det bli meir tvang.

– Utfordringane vil auka framover på grunn av fråflytting, fleire eldre og færre yrkesaktive, auka konkurranse om arbeidskraft og kompetanse. Difor er det framleis trong for fleire kommunesamanslåingar, seier Mæland.

Laster kart, vennligst vent...

NABOAR: Granvin (i raudt) blir snart ein del av store Voss med folketal på over 15.000. Eidfjord (i grønt) er mindre enn Granvin, men blir ståande aleine.

– Eit paradoks

Når folk i Granvin går til stemmeurnene 9. september, er det ingen listetoppar frå gamlekommunen. Med eit folketal på nesten 15.000 i den nye kommunen, fann ingen av partia plass til ein representant frå Granvin øvst på stemmesetelen.

Berre kvar tjuande innbyggjar som har røysterett om tre veker, vil vera busett i Granvin.

Den siste ordføraren i Granvin medgir at ho er bekymra for framtida.

– Me blir ein liten del av ei langt større eining. Det uroar meg, men eg meiner me ikkje hadde noko val, seier Winjum.

Les meir:

Eidfjord bør slå seg saman med Ulvik, Ullens­vang eller Voss.

Søk i valresultata

valg-dekorasjon