Hopp til innhold

Ordførar går av etter personstrid med eigen varaordførar

KVINNHERAD (NRK): Han var ein av Noregs mest profilerte unge ordførarar og var spådd ein lysande karriere i Høgre. Så sjokkerte Peder Sjo Slettebø med å melde sin avgang. No fortel han kvifor.

Avtroppande Kvinnherad-ordførar Peder Sjo Slettebø

OPNAR OPP: Avtroppande ordførar i Kvinnherad, Peder Sjo Slettebø (H), fortel korleis han har opplevd samarbeidet med varaordføraren.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Det blei med éin periode for Peder Sjo Slettebø (32) i ordførarstolen. Etter at bakaren bytta ut kjevla med ordførarklubba blei han raskt ein svært populær mann internt i Høgre og ein profilert gallionsfigur for kommunen.

Torsdag 6. juni varsla han at han gjekk av.

Integriteten hans var trekt i tvil etter spørsmål kring hans motiv og framgangsmåte, forklarte han.

Før første gong fortel han no kva han meinte.

– Det er varaordføraren min som er den viktigaste årsaka til at eg ikkje stiller til attval, seier han.

– Eg har opplevd at vi har hatt et godt samarbeid, hatt fortrulege samtaler og blitt einige om korleis saker skal løysast, før eg har fått krass kritikk av den same varaordføraren utan at eg har vore budd på det.

Varaordførar Hans Inge Myrvold (34) frå Senterpartiet avviser skuldingane.

– Eg kjenner meg ikkje igjen i påstandane. I dei sakene vi har vore ueinige i, har eg vore tydeleg overfor ordføraren om kor stor avstanden har vore, seier han.

Varaordførar i Kvinnherad kommune, Hans Inge Myrvold frå Senterpartiet

AVVISER: – Eg kjenner meg ikkje igjen i påstandane. I dei sakene vi har vore ueinige i, har eg vore tydeleg overfor ordføraren om kor stor avstanden har vore, svarar Hans Inge Myrvold, varaordførar i Kvinnherad frå Senterpartiet.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Krevjande kraftsak

Slettebø seier at det har kome spekulasjonar om kvifor han har trekt seg, og han derfor vil stå fram med historia si.

Den avtroppande ordføraren trekker fram to saker der han opplevde å ha varaordføraren i ryggen, men blei sviken.

Den eine saka handla om den omstridde fusjonen mellom lokale Fjelberg kraftlag og regionale Haugaland kraft. Den andre enda med at rådmannen gjekk av etter mistanke om brot på kommunelova.

Under kraftfusjonen kunne både Slettebø sjølv og kommunen tene pengar.

I eit intervju med NRK stilte varaordføraren spørsmål ved habiliteten til ordføraren.

Som andelseigar kunne Slettebø sitte igjen med 150.000 kroner, medan kommunen kunne tene 30 millionar kroner på salet av aksjane.

Eige­doms­skat­ten i Kvinn­he­rad bør blir fjerna.

Blei vurdert som inhabil

Slettebø representerte kommunen på eit orienteringsmøte om fusjonsplanane, noko Slettebø hevdar var avklart med varaordføraren.

Slettebø seier at han ikkje deltok i forhandlingar på møtet.

I ettertid blei Slettebø vurdert som inhabil, og var ikkje med i den politiske handsaminga av saka.

Varaordførar Myrvold viser til saksdokument i samband med samanslåingsavtalen som inneheldt eit forslag for korleis kommunens eigarskap i kraftlaget skulle bli behandla i fusjonen. Myrvold meiner dette viser at det har vore kontakt mellom partane.

– Det blei ikkje lagt fram noko dokumentasjon på korleis denne avtalen hadde blitt til, og spørsmåla knytt til habilitet reiste seg. Det var ikkje avklart med meg på førehand og ein situasjon er først avklart når habilitet er vurdert. Det burde vore gjort tidlegare, seier Myrvold.

Fusjonen blei dessutan stoppa av Stiftingstilsynet.

Peder Sjo Slettebø

ORDFØRAR: Slettebø bytta ut kjevla med ordførarklubben ved førre val. Han tek ikkje attval.

Foto: Henrik Mundal Andreassen / Sunnhordland

Rådmann-saka

Den andre saka Slettebø trekker fram gjeld personalsaka mot den tidlegare rådmannen i kommunen. Bakteppet var eit lån på seks millionar kroner som kommuneadministrasjonen gav utan politisk handsaming.

Slettebø fekk juristar til å vurdere om låneavtala var eit mogeleg brot på kommunelova.

Slettebø fortel at han kvelden før formannskapsmøtet 3. mai 2018 ringde Myrvold for å høyre om han hadde tillit til å gå vidare med saka. Ifølgje Slettebø fekk han klarsignal om ein ny advokat fekk vurdert saka.

Myrvold stadfester at han bad Slettebø få ein ny juridisk vurdering, men seier at han ikkje på nokon som helst måte gav uttrykk for at Slettebø kunne køyre hardt på saka mot rådmannen.

– Tidleg var vi veldig klare på at vi ikkje ville gå vidare på den linja ordføraren skisserte. Tydlegare enn det kan eg ikkje vere, seier Myrvold.

– Då du snakka med han på telefonen før formannskapsmøtet, sa du til han at du hadde ryggen hans i den saka?

– Eg sa at det var alvorleg dersom rådmannen hadde brote kommuneloven og eg bad han om å ta kontakt med ein juridisk part til. Det var det eg meinte då.

I ettertid gjekk Myrvold ut i lokalavisene og kritiserte Slettebø. Til Kvinnheringen sa Myrvold at ingen politikarar mistenkte at rådmannen hadde handla ulovleg, men prosessen mot rådmannen blei sett i gang allereie dagen etter.

– Dette opplevde eg som politisk spel, seier Slettebø.

NRK har spurd Slettebø om han har dokumentasjon på påstandane, men han seier at samtalene har vore på telefon.

Tyst mellom dei

Det vekte oppsikt i det politiske miljøet då Slettebø varsla at han gjekk av. Fleire nasjonale medium dekka saka, og ifølgje lokalavisa Sunnhordland slo ho som sjokkbølger inn i det politiske miljøet.

Dei fire åra som Slettebø og Myrvold har vore dei fremste politikarane i kommunen har vore fire gode år, synest Myrvold. Forholdet dei i mellom har etter hans syn vore godt, men dei har vore ueinige i store, krevjande saker.

Den siste tida har dei to ikkje hatt kontakt.

– Eg har opplevd at han ikkje vil prate med meg, og forstått at det må ha vore ein grunn. No kjem grunnen, og det forbausar meg at han ikkje vil snakke med meg ope og ærleg. Det gjer vaksne folk, tenkjer eg, seier Myrvold.

Han avviser påstanden om at han driv politisk spel.

– Viss det hadde vore eit politisk spel, hadde det vore gjort på ein heilt annan måte og knytt til aktuelle saker utan disse dimensjonane. Rådmannssaka var eit tilsett-forhold og den andre kom som lyn ifrå klar himmel. Her er det handla utifrå vett, seier Myrvold.

– Forstår du at dette kan opplevast som ein dolk i ryggen for Slettebø?

– Hadde det vore betre dialog og han hadde ofra meir tid på å informere oss andre, hadde det vore ein avklart situasjon lenge før denne saka kom opp.

Ikkje heilt ferdig i politikken

Senterpartiet gjekk ut av samarbeidet med Høgre i april.

I siste meiningsmåling, utført av Norfakta på oppdrag frå lokalavisa Kvinnheringen, ligg Senterpartiet an til å bli største parti med 29,5 prosent. Det er nær ein dobling sidan valet i 2015, då partiet fekk 15,6 prosent. På same måling har Høgre gått 8,7 prosentpoeng tilbake frå valet i 2015 og ligg på 26,2 prosent.

Det betyr at Myrvold kan overta ordførarkjeda frå Slettebø frå hausten av.

Slettebø sjølv står framleis øvst på lista til Høgre i Kvinnherad, sjølv om han trekker seg som ordførarkandidat. Dersom han blir vald, kjem han til å sitte som vanleg kommunestyrerepresentant. I så fall blir det neppe nytt samarbeid med Senterpartiet.

– Det blir ei avgjerd kommunestyregruppa må ta, men som førstekandidat og på bakgrunn av tidlegare erfaringar, er ikkje det aktuelt.

– Du skuldar varaordføraren for politisk spel, men du vel å fortelje om dette i valkampen. Kan ein sjå på dette som politisk spel frå din og Høgre sin side?

– Nei. Veljarane må sjølve velje kven dei vil ha som ordførar. Eg er ikkje bitter. Dette er eigen frie avgjerd, og eg har ro ved det. Eg er ikkje bitter overfor Senterpartiet, og viss dei vinn ordførarkjeda etter valet, kan eg forsikre om at eg ønskjer at etterfølgaren min skal lukkast. Eg skal bu i kommunen og ikkje bruke tida mi på å stikke kjeppar i hjula for den nye ordføraren.

– Du seier at det er andre som har skapt det politiske klimaet som gjer at du ikkje kan fortsette. Er det ikkje feigt av deg å vere den som gir seg når du seier at det er andre sin feil?

– Eg har teke sjølvkritikk på mange ting i løpet av perioden, og eg kunne gjort fleire ting annleis. Men eg har aldri opplevd at den andre parten har vore villig til å ta ansvar for å unngå å kome her. Når eg ikkje har den naudsynte tilliten er det best for kommunen at eg ikkje er ordførar lenger. Så nei, eg opplever ikkje at eg er feig. Eg opplever at eg tar ansvar for slik situasjonen har blitt, seier han.