Hopp til innhold

Får vondt i kroppen av Statoil-trussel

Lindås-ordføraren ber Staten om å ta ansvar for at drifta på Mongstad held fram. - Raffineriet er sjølve navet i Vestlandsk industri, meiner ho.

Video Lindås-ordføraren fryktar nedlegging av Mongstad

Lindås-ordføraren fryktar nedlegging av Mongstad

I dag har det kome fram at det kan bli aktuelt for Statoil å legga ned raffineriet på Mongstad viss det held fram med å gå i underskot.

Sidan finanskrisa i 2009 har oljeraffineriet måtte skriva 9,2 milliardar i negativt resultat. Høg oljepris, låg produktpris og særnorske skattar får skulda.

- Tøff melding å få for ein ordførar

Ordførar i Lindås, Astrid Aarhus Byrknes seier det er tøft å få slike meldingar.

- Når ein får slike overskrifter, eg kjenner det på kroppen, seier ei tydeleg opprørt Byrknes til NRK Hordaland.

- Det er så utruleg viktig for oss å utvikla Mongstad vidare.

Konsernleiinga har møtt kommunen og fortalt om den dårlege økonomien

Ho seier at konsernleiinga i Statoil har møtt to gonger i formannskapet i Lindås den siste tida, og at dei har skjønt at det er tøffe tider for raffineriet på Mongstad.

- Statoil driv ikkje lønsamt og dei har tøffe rammevilkår, det har me forstått, seier ordføraren.

Men ho understrekar at dei ikkje har fått signalar om at Statoil vurderer å legga ned raffineriet per dags dato.

- På møtene har dei gitt forsikringar om at dei ikke har planar om å legga ned på Mongstad, seier Aarhus Byrknes til NRK Hordaland.

Statoil Mongstad

Oljeraffineriet på Mongstad.

Foto: Ketil Jordan / NRK

Eigedomsskatten i Lindås får delar av skulda

Lindås kommune blir sjølv trekt fram av Statoil som bidragsytar til at raffineriet på Mongstad gjer det dårlegare enn konkurrentane sine i Skandinavia og resten av Europa.

Etter eit forlik i fjor kom Statoil og Lindås kommune fram til at raffineriet skal betala kommunen 90 millionar kroner i eigedomsskatt kvart år. Ordføraren i Lindås meiner skatten er rettferdig og forutsigbar, og bidreg til at Mongstad får tilrettelagt infrastruktur.

- Det er den einaste skatten Lindås kommune får inn frå Mongstad. Me er ein vertskommune med god infrastruktur, og eigedomsskatten Statoil betaler blir brukt til vidareutvikling av denne, seier Aarhus Byrknes.

Håpar staten tek ansvar

Byrknes seier at ho håpar at Staten som hovudaksjonær i Statoil tek ansvar for raffineriet og veit å verdsetta heilskapen i oljeindustrien på Vestlandet.

- At Mongstad er viktig, det vil eg setta mange strekar under.

- Det er sjølve navet i Hordaland i forhold til industri. Stor utvikling av arbeidsplassar som gir både aktivitet og inntekter i regionen, held Aarhus Byrknes fram.

Trond Giske

Næringsminister Trond Giske vil setta seg inn i Statoil-Mongstad sin økonomi.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

Giske vil setja seg inn i raffineriet sin økonomi

Næringsminister Trond Giske (Ap) seier til NTB at han vil setja seg inn i saka.

– Nærings- og handelsdepartementet og Statoil hadde eit møte den 30. november i fjor. På dette møtet vart me orienterte om den krevjande økonomiske situasjonen for raffineriet på Mongstad. Me lytta til bodskapen til Statoil og deira ynskje og tek det med oss vidare i arbeidet vårt, men opplyste samstundes om at dei ordningane som Statoil var opptekne av ligg under Finansdepartementet, Miljøverndepartementet og Olje- og energidepartementet. Dette gjaldt mellom anna CO2- og el-sertifikat, seier Trond Giske til NRK.no.