Hopp til innhold

I minst tre veker til skal fregatten sleppe ut olje og drivstoff i fjorden

Mattilsynet åtvarar mot å eta sjømat og oppdrettslaksen blir sjekka for oljesøl. Ordføraren fryktar større utslepp når «Helge Ingstad» skal hevast.

Oljesøl frå fregatten i Hjeltefjorden

OLJEFILM: Det er primært helikopterdrivstoff som har lekt frå havaristen. Den lette dieselolja er vanskeleg å fange, men fordampar lett.

Foto: Kystverket

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Då KNM «Helge Ingstad» og tankskipet «Sola TS» kolliderte i førre veke, kunne det blitt ein verst tenkeleg oljekatastrofe.

Sjøforsvaret har opplyst at det var 380.000 liter marin diesel om bord då KNM «Helge Ingstad» kolliderte med oljetankaren «Sola TS» førre veke.

Det var også om lag 30.000 liter helikopterdrivstoff på fregatten, og over halvparten av dette har lekt ut (ekstern lenke). Tankskipet hadde i tillegg 625.000 fat råolje om bord.

Ordførar i Øygarden kommune, Børge Haugetun, fryktar at større mengder diesel og olje skal lekke frå KNM «Helge Ingstad».

– Innbyggjarane er uroa over dette. Oljeutsleppet har spreidd seg over eit stort område, og då er det anbefalingar om at ein ikkje skal ete skaldyr og fisk som kan ha vore i berøring med oljeutsleppet, seier Haugetun.

Saman med Mattilsynet og Folkehelseinstituttet, åtvarar Havforskingsinstituttet mot å ete sjømat frå området rundt den havarerte fregatten.

No har Havforskingsinstituttet i Bergen byrja å undersøke 100 matfisk frå seks oppdrettsanlegg nord og aust for havaristaden i Hjeltefjorden.

Havforskingsinstituttet testar fisk frå oppdrettsanlegg nær fregatten

TESTAST FOR OLJE: Oppdrettsfisk frå seks ulike oppdrettsanlegg nær fregatten skal testast for oljerestar.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Analysen vil ta to veker

Ifølgje Mattilsynet (ekstern lenke) klarar villfisk truleg å unngå oljeforureina vatn, men det gjer ikkje oppdrettsfisk. Fisk i forureina område har fare for å få i seg PAH (sjå faktaboks).

Det er allereie meldt inn tilfelle av måker og otrar som er tilslørt av olje i området.

Mattilsynet åtvarar mot å ete fisk som luktar eller smakar olje.

Det vil ta to veker før ein får svar på om matfisken frå områda rundt den havarerte fregatten har blitt påverka.

Forskingsleiar ved Havforskingsinstituttet, Jarle Klungsøyr, seier at sjansane for påverknad i fisken enno er låge.

– Viss utsleppa held fram, så er det sannsynlegvis behov for å gå ut på eit seinare tidspunkt og ta nye prøvar og målingar for å dokumentere om tilstanden er den same eller om den har endra seg.

Olljesøl og beredskap i Hjeltefjorden

OLJEVERN: Oljefilm er registrert i store deler av Hjeltefjorden og nordover til Fedje. Beredskapen fungerer, men kan ikkje hindra at noko diesel går forbi lensene.

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK/montasje

380.000 liter diesel om bord

I tillegg til 15.000 liter lekka helikopterdrivstoff, har Kystverket klart å samle inn ein tilsvarande mengde med emulsjon, som er vatn blanda med olje. Kystverket skal førebels ha kontroll på mengdene.

– Vi prøver å samle opp så mykje som mogleg. Vi har mange ressursar i området med tanke på eit eventuelt utslepp av meir olje, seier avdelingsdirektør for beredskap i Kystverket, Johan Marius Ly.

Sjekker laks etter fregattkollisjon

Kystverket har enno ikkje avgjort om skipet må tømmast for olje før det skal hevast. Frykta er at bergingsoperasjonen vil sende delar av nesten 400.000 liter marin diesel rett ut i fjorden.

– Vårt primære fokus er jo å ha ein beredskap med tanke på eit eventuelt utslepp av dette, seier Ly.