Oppvaskmøte om laks

Havforskingsinstituttet og oppdrettsorganisasjonen NSL er kalla inn til hastemøte i Fiskeridepartementet torsdag ettermiddag, melder Bergens Tidende. NSL sende i mars ut ei uromelding, der advokaten deira stilte ei rekkje spørsmål kring instituttet si forsking på villaks i Guddalselva (biletet) og Etneelva i Hordaland. Havforskingsdirektøren har kalla det heile for skittkasting.

Laksefella i Guddalselva
Foto: Havforskningsinstituttet