Hopp til innhold

Opprørt varaordførar vil ha folkerøysting om samanslåing

Ordføraren i Fusa stoppa avtale om kommunesamanslåing ved å bruke dobbeltstemma si. – Udemokratisk, meiner varaordførar Magne Djuvik (Frp).

Magne Djuvik

MÅLLAUS: – Eg forstår ikkje kva desse partia og politikarane er redde for. Det seier varaordførar i Fusa, Magne Djuvik (Frp), etter fleirtalet stemte nei til Bjørnefjord kommune under styremøtet fredag.

Foto: Jarl Omestad / NRK

I møtet til styringsgruppa i Fusa kommune fredag stemte representantane 5–5 til ein intensjonsavtale om samanslåing med kommunane Os og Tysnes.

Fordi ein representant i Sp måtte gå før røystinga byrja, brukte ordførar Atle Kvåle (Ap) dobbeltstemma si.

Dermed vart det nei til samanslåing med dei to nabokommunane. Det blir heller ikkje opna for ei folkeavrøysting blant fusingane.

– Udemokratisk, smell det frå varaordførar i Fusa, Magne Djuvik (Frp).

– Eg er sjokkert over at eit fleirtal i utvalet vil seia nei til at folk i Fusa skal få sei meininga si om denne saka.

Premiss om folkerøysting

Fusa, Os og Tysnes har lenge vore i samtalar om å samla seg til ein Bjørnefjord-kommune.

Onsdag fekk Kvåle fleirtalet i sitt eige parti med seg, og sa nei til intensjonsavtalen om ei samanslåing med Os og Tysnes, noko som fekk Os-ordførar Terje Søviknes (Frp) til å sjå raudt.

Partikollega og varaordførar Magne Djuvik i Fusa heng seg på.

– Når kommunereforma blei vedteken på Stortinget, der også Ap støtta reforma, var det eit premiss at folk skulle høyrast, seier varaordføraren.

– Som politikarar er me folket sine representantar. Me skal ta avgjerd på folk sine vegner. Dette er ei så stor sak at folk bør høyrast.

– Ikkje naturleg å gå vidare

Ved å stoppa prosessen før folkerøysting, meiner Djuvik ein tek frå folk moglegheita til å sei meininga si.

– Eg forstår ikkje kva desse partia og politikarane er redde for, seier varaordføraren.

Ordførar Kvåle meiner derimot at det er unødvendig å halde folkeavrøysting.

– Om kommunestyret i Fusa seier nei til ein intensjonsavtale, kva skal då folk høyrast om? Om fleirtalet seier nei føler ikkje eg det er naturleg å gå vidare, seier Kvåle.

Saman med Senterpartiet har Kvåle og Ap fleirtal med seks representantar kvar i eit kommunestyre med 21 representantar. Men det er enkeltkandidatar som er usamde med eige parti, skriv Os og Fusaposten.

Atle Kvåle

UNØDVENDIG: Ordførar Atle Kvåle (Ap) i Fusa meiner at det ikkje er vits å halde folkeavrøysting når kommunestyret i Fusa seier nei til ein intensjonsavtale.

Foto: Runa Victoria Engen

Står best åleine

18. mai skal kvar av dei tre kommunane stemma for eller mot samanslåing i sine respektive kommunestyre. Tysnes-ordførar Kåre Martin Kleppe seier dei skal stå for seg sjølv, om ikkje Fusa vil vera med.

– Me har tatt ei god vurdering og ser at me står best åleine, seier Kleppe.

For Tysnes sin del er det ingen økonomiske grunnar til å slå seg saman, fortel ordføraren.

– Me ser jo at Fusa står i ein annan situasjon der dei vil tapa nokon millionar, medan Tysnes går i pluss.

Ordførar Kåre Martin Kleppe

INGEN ØKONOMISKE GRUNNAR: For Tysnes sin del er det ingen økonomiske grunnar til å slå seg saman, fortel ordførar Kåre Martin Kleppe.

Os-ordførar Terje Søviknes fortel at deira kommune køyrer prosessen om samanslåing vidare. Men om Tysnes og Fusa seier nei 18. mai, stoppar det opp.