Hopp til innhold

Opprør etter at ferja forsvann på kvelden

Etter ein månad med kutt i ferjetilbodet er innbyggarane i Ullensvang lei. – Det går utover arbeidslivet, det sosiale livet og politisk arbeid.

Ferje

FÆRRE AVGANGAR : For å spara 1,7 millionar kroner, vedtok fylkesutvalet i mai å kutta talet på avgangar på ferjesambandet mellom Kinsarvik og Utne.

Foto: TALE HAUSO / NRK

Sidan oktober har ferjetilbodet på sambandet mellom Utne og Kinsarvik blitt kraftig redusert. Ein månad etter nedskjeringane, har innbyggjarane og næringslivet merka endringane.

– Frå halv ti til halv to på dagen går det ikkje ei einaste ferje, seier Erlend Trones.

Trones er ein av fleire fjordingar som no ser konsekvensane av færre ferjeavgangar.

Den siste ferja frå Utne til Kinsarvik går 18.15 på kvardagane og 17.15 i helgene. Berre to gonger i veka er det ein ekstra avgang litt seinare på kvelden.

– Går ut over kvardagslivet

– Det går ut over kvardagslivet her i Ullensvang. Ein ting er arbeidslivet, men også det sosiale livet, lagsarbeidet og det politiske arbeidet blir påverka.

– Folk har lyst å komma heim for sjå til ungane og laga middag før dei reiser ut att for å delta på andre ting. Me er forhindra i å ha møte på kveldane om folk frå andre sida av fjorden skal vera med.

Leiar i Ullensvang næringsforum, Geir Midtun, trur nedskjeringane på lang sikt vil gje store konsekvensar for næringslivet.

– Skal ein frå Kinsarvik til Utne kan du ikkje bruka Hardangerbrua og ikkje ferja mellom Kvandal og Utne. Internsambandet er det som held Ullensvang saman.

Han fryktar at bedriftene rømmer frå kommunen.

– Det kan bli slik at næringslivet kuttar ut Ullensvang som plass dei vil etablera seg fordi det er for tungvint å driva her, seier Midtun.

Erlend Trones

VANSKELEG: Erlend Trones er ein av mange fjordingar som merkar godt til at det går færre ferjer over fjorden mellom Kinsarvik og Utne.

Foto: TALE HAUSO / NRK

– Håpar verkeleg dei snur

– Eg forventar rett og slett at dei ser kva konsekvensar dette inneber for Ullensvang og dei nærliggande kommunane, seier ordførar i Ullensvang, Solfrid Borge,

Ho har saman med Hardangerrådet no sendt inn krav til fylkeskommunen om at det må skje ei endring i neste års budsjett.

Dei forventar å få tilbake ferjeavgangane midt på dagen, og kveldsavgangane til klokka åtte kvar kveld.

– Me håpar verkeleg at dei snur i denne saka når dei gjekk så sterkt ut i valkampen og sa at dette skulle dei få til om dei kom til makta.

Ullensvang-ordfører Solfrid Borge

FRUSTRERT: Ullensvang-ordførar Solfrid Borge forventar at fylkeskommunen vil få tilbake avgangane som vart fjerna i oktober. Ho peikar på at Ap lova dette i valkampen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Stram fylkesøkonomi

Den ferske fylkesordføraren, Anne Gine Hestetun, forstår frustrasjonen til innbyggarane i Ullensvang.

– Eg skjønner engasjementet, men me har tatt dette med oss inn i budsjettforhandlingane som me er i gang med no. Så får me sjå korleis me landar i forhold til dei stramme økonomiske rammene me har i fylkeskommunen.

For Trones er det vanskeleg å sjå kva fylkeskommunen vinn på innstramminga.

– Dei sparar 1,7 millionar kroner på dette, ein bagatellmessig sum for ein fylkeskommune. Men tilbodet betyr utruleg mykje for oss som bur her inne, seier Trones.