Opprettar nytt asylmottak på Stord

Som ein konsekvens av den store straumen med asylsøkarar til Europa, opprettar UDI eit nytt asylmottak for einslege mindreårige på Stord.

Asylmottak for einslege mindreårige ved Litlabø på Stord

Det nye asylmottaket på Stord i Hordaland vil ha 40 plassar for ungdommar mellom 15 og 18 år.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Det skriv Stord kommune i ein pressemelding.

Det nye asylmottaket skal ligga på Litlabø og skal primært ta i mot einslege mindreårige. Mottaket vil ha 40 plassar for ungdommar mellom 15 og 18 år.

UDI fortalde tysdag at det har kome fleire asylsøkarar til Norge i august enn det som er vanleg om sommaren. Dei siste vekene har det kome opp mot 100 asylsøkjarar kvar dag.

– Skal ta dei godt imot

Nærmere fire millioner syrere har flyktet

I sommar har det kome fleire asylsøkarar til Norge enn det som er vanleg. UDI har dermed bestemt seg for å oppretta nytt mottak for einslege mindreårige. Biletet syner ein flyktningleir for syrarar.

Foto: OSMAN ORSAL / Reuters/NTB Scanpix

Uvanleg mange av asylsøkjarane er einslege mindreårige, og UDI har utvida mottakskapasiteten over heile landet. No opprettar dei altså eit nytt mottak på Stord i Hordaland med 40 plassar.

– UDI har gjennom mange år hatt eit godt samarbeid med Stord, og ser på kommunen som ein erfaren og god vertskommune for mottak, seier seniorrådgjevar Sissel Mehammer i UDI til avisa Sunnhordland.

Kommunen har tidlegare teke imot einslege mindreårige flyktningar til eit mottak i Sagvåg og på Heiane. Stord-ordførar Liv Kari Eskeland (H) er glad for at kommunen hennar på nytt er vald.

- Stord har tidlegare vist at vi er flinke til å ta imot og integrera flyktningar. Eg er stolt over at Stord har denne statusen i IMDI sine auge, seier Eskeland til NRK

Startar opp 1.november

Asylmottaket skal etter planen opna 1. november. Det er selskapet Hoff Mottaksdrift som skal stå for drifta av asylmottaket.

- Det betyr at me har noko tid til å finna ut korleis me best mogleg skal ta i mot desse flyktningane. Me har tidlegare sett oss ned saman med representantar for lokalsamfunnet, kommunen og dei som skal drifta mottaket for å finna gode måtar å ta dei i mot på.

- Stord har synt før at dei er rause og eg er sikker på at me kjem til å ta godt i mot dei.

Som følgje av det nye asylmottaket vil det bli oppretta 14 nye arbeidsplassar i kommunen.

Flyfoto av Leirvik og Stord

UDI opprettar nytt asylmottak for einslege mindreårige her på Stord i Hordaland. Biletet syner Leirvik sentrum. Det nye mottaket vil ligga på Litlabø, nokre kilometer lenger vest.

Foto: Harald M. Valderhaug

Siste video

Planetaten i Bergen kommune har lagt frem sitt forslag til ny trasé for Bybanen til Fyllingsdalen. Se hvordan de ser for seg den ti kilometer lange skinnegangen som vil koste minst 6,2 milliarder kroner.
En meteor eksploderte og brant opp i atmosfæren vest for Bergen i natt. De som var våken fikk seg et spektakulært show på nattehimmelen.
Har vunnet Statoil talentstipend på en million kroner.