NRK Meny
Normal

– Hemmeleghald hindra ny E16 i komande stortingsperiode

Fornyinga av den rasfarlege E16 i Hordaland kunne ha kome i gang tidlegare, dersom regjeringa hadde fortalt om budsjettsprekken med det same, meiner opposisjonen. No viser det seg at fleire visste om hemmelegheita.

Ras E16

​RASUTSETT: E16 mellom Bergen og Voss har sidan opninga i 1992 kravd 47 menneskeliv. Likevel er det ikkje sett av pengar til ny veg og bane i første NTP-periode.

Foto: NRK

– Heile Stortinget kunne ha jobba for å finna ekstraløyvingar til tidlegare byggjestart, dersom kostnadsauken hadde blitt kjend før, seier stortingsrepresentant Magne Rommetveit (Ap).

I juni fortalde NRK at regjeringa heldt ein budsjettsprekk på fire milliardar kroner for ny E16 i Hordaland hemmeleg i eit halvår.

Det var i oktober i fjor at Statens vegvesen sende brev til samferdsledepartementet om situasjonen, men først i mars i år vart kostnadssprekken tilfeldig avslørt i Stortinget.

Støttepartia vart informert

Reaksjonane var sterke då hemmeleghaldet vart kjend, men samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen meinte regjeringa hadde fortalt heile Stortinget om kostnadssprekken i tide.

– Stortinget fekk samla den informasjonen dei skulle. Det var ikkje noko forskjellsbehandling i informasjonen der, sa Solvik-Olsen i juni.

Men no stadfestar KrF-leiar Knut Arild Hareide og nestleiar Terje Breivik i Venstre at regjeringa fortalde dei to støttepartia om kostnadsauken utan å informera resten av Stortinget.

Terje Breivik og Hareide

UVISST: Verken Venstre-nestleiar Terje Breivik (t.v.) eller KrF-leiar Knut Arild Hareide hugsar når dei blei informerte om kostnadssprekken, men veit det var før eit samla Storting.

Foto: Marita Aarekol / Bergens Tidende

– KrF fekk fortløpande informasjon etter årsskiftet under våre forhandlingar med Regjeringa om Nasjonal transportplan (NTP). Eg vart kjend med desse tala i løpet av februar, seier Hareide til NRK.

Breivik seier at også Venstre fekk informasjon om kostnadssprekken tidleg i år. Til NRK sa han først:

– Me fekk vita det, men eg hugsar ikkje om det var i oktober eller om det var i november.

Han understrekar deretter overfor NRK at han ikkje meinte at han fekk informasjonen allereie i haust, men at han ikkje hugsar kva tid han fekk den.

– Regjeringa sitt ansvar

Heller ikkje samferdsleministeren hugsar når dei to støttepartia fekk vita om milliardsprekken. Til NRK sa han først at det var før jul – kanskje desember.

– Det var så snart vi sat i forhandlingar. Men datoen er ikkje relevant. Det viktige er at regjeringa ga heile Stortinget oppdatert og riktig informasjon då dei skulle behandla NTP i vår, seier Solvik-Olsen.

– Kvifor snakka de ikkje offentleg om kostnadsauken straks de visste det?

– Det veit eg ikkje, seier Breivik.

– Dette var ikkje informasjon som vart halde gøymd for vår del, men det er ikkje opposisjonspartia KrF og Venstre sitt ansvar å informera om slikt. Det må vera regjeringa sitt ansvar åleine, og KrF sit ikkje i regjering, seier Hareide.

Men det vart likevel KrF som først informerte Stortinget om milliardsprekken. Hans Fredrik Grøvan, KrF sin NTP-forhandlar, nemnde under ein stortingsdebatt 7. mars at prosjektet var blitt fire milliardar dyrare.

– Eg fekk informasjon om overskridinga i byrjinga av januar, midt i interne forhandlingar om NTP, seier Grøvan.

Ketil Solvik-Olsen

INGA FORSKJELLSBEHANDLING: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen meiner Stortinget samla fekk den informasjonen dei skulle ha.

Foto: Ingvild Fjelltveit / NRK

Meiner situasjonen kunne vore annleis

Eit sentralt spørsmål om vegutbetringa har vore om bygginga kan starta i 2021, i staden for 2022.

Opposisjonen meiner ein kunne sikra byggestart av ny E16 i komande stortingsperiode dersom sprekken hadde blitt gjort kjent i haust.

– Viss alt hadde vore kjend for fleire i oktober i fjor, hadde det vore betre å få til noko tidlegare, seier Rommetveit (Ap), som får støtte frå SV-leiar Audun Lysbakken:

– Det hadde vore ein stor fordel både for opposisjonen og offentlegheita å ha tilgang til desse opplysningane.

Audun Lysbakken holder appell i Torggata

KRITISK: SV-leiar Audun Lysbakken meiner detaljane om kostnadssprekken kunne ført til ein meir opplyst debatt om viktige prioriteringar.

Foto: Siv Sandvik / NRK

Men Grøvan (KrF) vil ikkje gå med på at det hadde vore mogleg å gjere dette annleis.

– Kan det ha blitt teia om kostnadssprekken på Arna-Stanghelle for nærmast å forhandla vekk tidlegast mogleg byggestart?

– Nei, dette er på ingen måte resultat av ansvarsfråskriving eller uttrykk for at dette ikkje er prioritert. Tvert om.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.