NRK Meny
Normal

Vil politimelde eigarane av Sjøbodutvikling AS

Sandviksboder 69 som raste saman laurdag vart mellombels freda i 2006, og Torstein Dahle i Rødt oppmodar no om å politimelde leiinga og eigarane i Sjøbodutvikling AS for miljøkriminalitet.

Torstein Dahle

Torstein Dahle oppmodar om å politimelde leiing og eigarane av Sjøbodutvikling AS.

Foto: Stian Lysberg Solum / SCANPIX

– Eg gjer dette fordi eg meiner at dette er miljøkriminalitet, seier Torstein Dahle som er gruppeleiar for Rødt i bystyret i Bergen til NRK.

Han oppmodar i eit brev til byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen, Fylkeskonservatoren i Hordaland og Riksantikvaren om å politimelde leiing og eigarar i Sjøbodutvikling AS for miljøkriminalitet.

Oppmodinga kjem etter at ei sjøbu raste saman i Sandviken laurdag. Ingen personar vart skada då delar av bygningen raste ut i sjøen.

Vil bevare kulturminne

Torstein Dahle oppmodar i tillegg til å politimelde om også å snarast mogeleg få til eit tiltak slik at det kan takast hand om kulturhistoriske verdiane i sjøbua.

– Dette er heilt uerstattelege kulturminne. Desse sjøbuene i Bergen er eineståande både nasjonalt og internasjonalt. Dei er frå 1600-talet, 1700-talet, 1800-talet og er sånn sett eit kulturminne som er like bevaringsverdig som Bryggen eigentleg, men det er ikkje like kjent, seier han.

– Det er heilt unike kulturskattar som fortel veldig mykje om blant korleis næringslivet i Bergen var på den tida. Det er eineståande byggverk, så det at dei berre forfaller og rasar saman på denne måten her er heilt horribelt, legg han til.

Det har ikkje lukkast NRK å få ytterlegare kommentar frå styret i Sjøbodutvikling AS.


Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
Slik ser det ut i våre nye lokaler.