Hopp til innhold

Føler seg lite høyrt av sjefen etter sjukmelding

Har du vore mykje sjuk kan du oppleve at sjefen høyrer mindre på deg og at du får mindre støtte av kollegaene, syner ei ny studie frå UiB.

Skjema for sykmelding

MINDRE HØYRT: I studien frå UiB kjem det fram at dei som nyleg hadde vore langtidssjukmelde følte at forholdet til sjefen var dårlegare, og at kollegaene i mindre grad stilte opp for dei.

Foto: Ola A. Thorset / Scanpix

Studia frå Universitetet i Bergen har undersøkt korleis folk som har vore langtidssjukmelde har det på jobb.

Dei som hadde eit lengre sjukefråvær bak seg, opplevde i mindre grad at sjefen høyrde på deira meiningar.

Marit Knapstad

– Dei som hadde eit lengre sjukefråvær bak seg, opplevde i mindre grad at sjefen høyrde på deira meiningar, fortel psykolog og doktorgradsstipendiat, Marit Knapstad.

– Dei opplevde også og at dei kom mindre overeins med sjefen sin og kollegaer, samt mindre forståing for at dei kan ha ein dårleg dag, samanlikna med personar utan sjukefråvær.

Forskarane bak studien har sett på korleis 2581 tilfeldige arbeidstakarar i Vestre Götaland i Sverige opplevde støtta frå kollegaer og sjef på arbeidsplassen. Resultatet blei sett opp mot kor mykje sjukefråvær den enkelte hadde hatt.

Dei som nyleg hadde vore langtidssjukmelde følte at forholdet til sjefen var dårlegare, og at kollegaene i mindre grad stilte opp for dei.

LES OGSÅ: – Halve sykefraværet har sosiale årsaker

– Vond sirkel

Marit Knapstad

– VOND SIRKEL: Å oppleve lite støtte på jobben kan auke faren for sjukmelding. No veit me at det også kan gå andre vegen, seier psykolog og doktorstipendiat Marit Knapstad ved UiB og Folkehelseinstituttet.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

Tidlegare forsking har synt at det å oppleve lita støtte på jobben, kan auke faren for sjukefråvær.

– No veit me at det også kan gå den andre vegen. Dette kan bli ein vond sirkel, seier Knapstad.

Resultatet frå studien er dessverre ikkje heilt overraskande, seier ho.

– Alle har behov for å bli sosialt inkludert. Mistar ein kontakten med arbeidsplassen, kan det gjere det vanskelegare å komme tilbake.

LES OGSÅ: Forsker: – Sykefraværet bør opp

Jobbmeistring

Ved NAVs senter for jobbmeistring får personar som er heilt eller delvis sjukmelde hjelp til å komme tilbake i arbeid.

Marianne Misje

– Det er viktig at den tilsette er tydeleg på kva han/ho trenger slik at arbeidsgjevar kan støtte og legge til rette, seier psykologspesialist og teamleiar ved NAVs Senter for jobbmeistring, Marianne Misje.

Foto: NAV Hordaland

– Erfaringa vår er at dei fleste opplever det som positivt å komme tilbake og blir møtt på ein god måte, men nokon opplever det motsette. Dette verkar å vere avhengig av korleis det blir tilrettelagt og støtta dei får, seier psykologspesialist Marianne Misje.

Me veit at faktorar som sosial støtte, autonomi, kompetanse og «riktig dose» jobb er viktig for oss alle i jobbsamanheng. Dess lenger fråvær, dess fleire spørsmål har ein, og ein er gjerne meir sårbar for desse faktorane då enn elles. For dei aller fleste blir tilbakeføringa likevel betre enn frykta.

«Misforstått skjerming»

Blant dei som opplever det som vanskeleg å komme tilbake på jobb, er ei årsak det ein kallar for «misforstått skjerming».

– Dette kan for eksempel vere at arbeidsgjevar tenker at vedkommande ikkje skal ha så mange oppgåver som før og har delegert oppgåvene til nokon andre. Når den sjukmelde då kjem tilbake, kan dei oppleve at dei er blitt «fråtekne» oppgåver, gjerne dei oppgåvene som dei opplevde som lystbetonte, og føler seg lite verdsett sjølv om arbeidsgjevar tilrettela etter beste evne. Oppleving av meistring og tryggleik synest å vere heilt essensielt, spesielt i den fyrste fasen, seier Misje.

Å komme tilbake på jobb kan for mange vere ein viktig dag der ein gjerne er ekstra sårbar.

– Viss ein då opplever at kollegaer ikkje kjem innom og seier hei på morgonkvisten eller sjefen ikkje har tid til å prate, er ein ekstra utsett for å føle seg lite varetatt eller ønska.

LES OGSÅ: Vil ha tidligere oppfølging av sykmeldte

– God dialog betyr ikkje at sjefen må vite alt

I Arbeidsmiljølova står det allereie at arbeidsplassen skal vere inkluderande også for folk med helseplager. Ifølgje Knapstad er det difor ei haldningsendring som må til.

Me må hugse på at når nokon kjem tilbake til arbeidsplassen etter sjukefråvær, treng dei også hjelp til å komme tilbake i det sosiale.

Marit Knapstad

– Me må hugse på at når nokon kjem tilbake til arbeidsplassen etter sjukefråvær, treng dei også hjelp til å komme tilbake i det sosiale.

– Me veit at arbeid generelt er helsebringande, mellom anna gjennom å gje moglegheita til å vere del av eit fellesskap. Funna i studien understrekar kor viktig det er å jobbe vidare for eit inkluderande arbeidsliv, der både kollegaer og sjefar kan jobbe for å for å inkludere alle i det sosiale felleskapet på jobben.

Marianne Misje ved NAVs Senter for jobbmeistring understrekar at det er vanskeleg for arbeidsgjevar å legge til rette på ein god måte, viss dei ikkje veit kva som er viktig for den enkelte.

– Det er avgjerande at arbeidsgjevar legg til rette for god dialog innan trygge rammer og at den tilsette er tydeleg på kva han/ho trenger av støtte og tilrettelegging.

– God dialog betyr ikkje at arbeidsgjevar treng å vite alt, men at arbeidstakar har tenkt gjennom kva som er hensiktsmessig å opplyse om, slik at arbeidsplassen skal kunne møte den friskmelde på best mogleg måte.

LES OGSÅ: Her har sykefraværet gått fra 20 til én prosent