- Enkelte tyske nettstader oppfordrar turistar å oppsøke norske oppdrettsanlegg for å fiske. Det er sjølvsagt uheldig at turistar vert oppfordra til å fiske der det ikkje er lov, seier skipssjef Roger Hoel på KNM Titran.
Smittefare
Alt fiske nærare enn 100 meter frå norske oppdrettsanlegg er forbode, og det er heller ikkje lov å opphalde seg innanfor ei 20-meters grense på oppdrettsanlegga. Dette på grunn av smittefare og at slukar kan rive opp fiskenøtene. Men stadig vekk møter altså kystvakta på turistar som ikkje bryr seg om dette forbodet. Hoel seier dette i all hovudsak er utanlandske turistar.
Melder til politiet
Tidligare gav Kystvakta turistane berre ei åtvaring, men no blir alle som oppheld seg for nær norske oppdrettsanlegg melde til politiet, fråtekne fiskeutstyret og ilagt bøter på opp til 5000 kroner. Skipsjefen på Titran meiner at informasjonen til turistane skal vere god nok til at dei får med seg at dette ulovleg.