Hopp til innhold

Oppdrett kan skada unike korallar

Norskekysten har verdas fleste og største koloniar av kaldtvasskorall. Men dei opptil 7000 år gamle koloniane minkar og forsvinn viss det kjem oppdrettsanlegg i nærleiken.

Øyekorall (Lophelia pertusa)

SMULDRAR OPP: Noreg har 25% av verdas kaldtvasskorallar. Men dei økologisk viktige koloniane av Lophelia pertusa krympar viss det blir etablert oppdrettsanlegg like ved.

Foto: Havforskningsinstituttet

– Desse korallreva er utruleg fine. Norskekysten har dei største førekomstane i verda. Det er synd at mange av oss ikkje veit om dette. Me burde vera veldig stolte, seier forskar Tina Kutti.

Korallforskar Tina Kutti ved Havforskingsinstituttet

KONTORKORALL: Forskar Tina Kutti ved Havforskingsinstituttet med nytt (t.v.) og dødt eksemplar av augekorall.

Den svenske forskaren ved Havforskingsinstituttet i Bergen har spesialisert seg på studier av kaldtvasskorall.

– Korallar minner om ein omvendt blekksprut, med alle tentaklane som stikk opp.

Oppdrett halverer korallvekst

Korallforekomstane er lite kartlagt, men finst ofte i dei same områda som har mykje fiskeoppdrett.

– Både korallane og oppdrettarane føretrekk område med god straum, konstaterer Kutti.

Kart over korallforekomster Sunnhordland

NABOKONFLIKT: Påviste korallførekomstar (raud prikk) er ofte i same område som har mykje fiskeoppdrett.

Foto: Havforskningsinstituttet

– Nær eit oppdrettsanlegg er det risiko for store negative effektar på korallar.

Forsøk og målingar viser at under oppdrettsanlegg blir veksten i levande korallar halvert og oppsmuldringa av døde korallformasjonar fordobla.

– Korallrevet krympar altså nær oppdrettsanlegg. Ingen anlegg bør plasserast nærare enn 250 meter frå korallkoloniar, seier Tina Kutti.

Sjøstjerne på øyekorall Lophelia pertusa

YRANDE LIV: Døde korallkoloniar er viktige levestader for svært mange andre artar.

Foto: Havforskingsinstituttet

– Djupvasskorallreva er ein svært viktig levestad i havet. Her er fleire artar, og dei er meir talrike, enn andre stader i havet, seier Kutti.

Ikkje krav om kartlegging

Miljødirektoratet har bede Havforskingsinstituttet om ein rapport om effektar av utslepp frå oppdrettsanlegg på raudlisteartar og viktige marine naturtypar.

– Direktoratet treng oversikt over kunnskapen som finst for å vurdera tiltak i høve til mellom anna korallar, seier sakshandsamar Hilde Skarra.

I dag må oppdrettsselskapa undersøka dyrelivet på botnen før og etter at anlegg er etablert, men har ikkje krav om å kartlegga korallførekomstar og andre sider ved naturmangfaldet.

Døyr av feit diett?

Tidlegare vart oppdrettsanlegg plassert utan særleg merksemd eller kunnskap om kor det veks slike korallar.

– Det er gjort få samanliknande studier på kaldtvasskorall før og etter etablering av eit oppdrettsanlegg, men me ser at under etablerte anlegg finst det i alle fall ikkje korallar i dag, seier Kutti.

Forskarane ser to mulige grunnar: Mykje organisk nedfall av forrestar og fiskeavføring frå oppdrettsanlegget gir kanskje korallane både for lite oksygen og for mykje næring.

Øyekorall Lophelia pertusa

DØYR NÆR OPPDRETT: Havforskarar seier fiskeoppdrett ikkje må skje like ved korallførekomstar.

Foto: Havforskingsinstituttet

– Augekorallen har gjennom millionar av år tilpassa seg eit miljø nesten utan mat, så det ser ut som dei slit når dei får for "feit diett".

Selskap ber om råd

Men ho er ikkje svært bekymra for at oppdrett skal rasera korallreva langs norskekysten:

– I motsetnad til tidlegare, blir me nå ofte kontakta av oppdrettarar som ber om råd før dei skal oppretta nye anlegg.

Lakseoppdrett

TAR OMSYN: Oppdrettsselskapa ber nå oftare om råd om korallførekomstar før dei plasserer nye anlegg.

Foto: NRK

Ho meiner det er viktig ikkje å skada dei unike koloniane av levande augekorall og flotte skjelett:

– Det tar fleire hundre år å bygga slike koloniar. Nye naboar må ta omsyn når eit individ kanskje har vakse på same staden i 7000 år, avsluttar Tina Kutti.