Hopp til innhold

Opp mot 40.000 turistar kvar dag – berre 14 offentlege toalett

BRYGGEN (NRK): Kommunen skulle betala kafear og restaurantar for å la turistar gjera frå seg. Men ingen avtalar kom på plass. I staden hopar køane seg opp.

Turister i dokø i Bergen

REGN MED DOKØ: Denne sommaren har køane utanfor dei offentlege toaletta, som her ved Mathallen, vore lange. Svært lange.

Foto: Roald Atle Furre

– Det er så rart at toaletta kostar pengar. Eg går alltid på hotellet, seier sørkoreanske Shin Soonhee.

Turistveksten i vestlandshovudstaden dei siste åra, indikerer at Bergen har mykje å by på.

Denne sommaren har byen over 1,8 millionar gjestedøgn på hotell – pluss dei fleire hundre tusen cruiseturistane som overnattar til kai.

Berre på Bryggen kjem over 40.000 besøkjande kvar dag. Men toalett står ikkje på lista over kva byen er god på.

På dei mest hektiske dagane tar Bryggen – åleine – i mot opp mot 40.000 besøkande. I sentrumskjernen i Bergen er det berre 14 stader med offentlege toalett. Sånt blir det dokøar av.

Sørkoeranske turister Shin Soonhee og Haenggu Kang i Bergen

SÅG EITT TOALETT: Dei sørkoreanske turistane Shin Soonhee og Haenggu Kang i Bergen såg berre eit toalett i Bergen.

Foto: Bergit Sønstebø Sveindseid / NRK

Lange køar utanfor toalett

Jakta på offentlege toalett har i ei årrekkje vore ei pine for byens mange turistar. Ein av hovudutfordringane for kommunen har vore at offentlege toalett er dyre å halda ved like. I tillegg har det mangla passande areal i sentrum.

I vinter lanserte byrådet i Bergen eit nytt forsøk på å betra situasjonen. Mot ein fast sum i månaden, skulle restaurantar, kafear og andre verksemder opna sine toalett for trengande turistar, for på den måten å avløysa dei offentlege tilboda.

Problemet er at ingenting har skjedd.

Per i dag er ei mellombels toalettbrakke ved Bryggen den siste tilveksten til sårt trengande turistar.

– Fasilitetane er heilt ok. Men dette er det første toalettet me har sett i byen, seier ein spansk turist NRK snakkar med utanfor brakketoalettet i Nikolaikirkeallmenningen.

Midlertidig toalett ved Bryggen i Bergen

BRAKKETOALETT: Dette mellombelse brakketoalettet er det einaste Bergen kommune fekk på plass før turistane gjorde sitt inntog i bykjernen.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Bestilte rapport for å få svar – rakk ikkje agera

Byrådet bestilte ein rapport frå PricewaterhouseCoopers (PWC) for å få svar på korleis dei best kan løysa toalettproblema. Som BA har omtala i sommar, peikar den på betre utnytting av eksisterande bygg som den beste måten å løysa toalettmangelen på.

I tillegg føreslår PWC eit tettare samarbeid med private serveringsstader og nye toalett i Nordnesparken.

Men tida blei for knapp til at kommunen fekk på plass tiltaka før sommaren.

– Me er avhengig av å følga lov om offentlege innkjøp, og fann ut at me trong meir tid til å vurdera og gjennomføra tiltaka, seier Olaf Øines, seniorarkitekt i Bymiljøetaten til NRK.

Difor planla kommune tre mellombelse toalett i sentrum: ved Vetrlidsalmenningen, Korskirkeallmenningen og Nikolakirkeallmenningen. Men berre sistnemnde kom på plass, i starten av juli.

– Det har vore funksjonelt og me har fått gode tilbakemeldingar på det, seier Øines.

Toalettkø i Bergen

ENDELAUSE KØAR: Toalettkø ved Mathallen i Bergen i starten av august.

Foto: Roald Atle Furre

Lovar betring neste år

Marisol Franco, Helena Lopez og Ada Cura har vore tre dagar i Bergen. Veninnene meiner byen har færre offentlege toalett samanlikna med byar i andre land dei har besøkt.

– Det er svært få toalett her. Det er enklare å bruka toalett på restaurantar når ein først er der for å eta.

Ifølge Bergen kommune sitt eige dokart, er det 14 stader med offentlege toalett i Bergen sentrum, med mellom 30 og 40 toalett. Blant desse er den siste tilveksten, brakketoalettet på Nikolaikirkeallmenningen ved Bryggen.

Byutviklingsbyråd Anna-Elisa Tryti (Ap) lovar at ting skal bli betre – neste sesong.

– Me rakk det rett og slett ikkje på grunn av reglane for offentlege innkjøp. Men fram mot neste sommar, har me no god tid til å få plass mykje betre løysingar.

Turistene Marisol Franco, Helena Lopez og Ada Cura i Bergen

IKKJE IMPONERT: Turistane Marisol Franco, Helena Lopez og Ada Cura i Bergen hyllar ikkje akkurat dotilhøva i Bergen.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK