Hopp til innhold

Opning av AdO arena direkte

Det er endeleg klart for opning av AdO arena. Direktesendinga er no over.

Sjå ADO-arena opning her.

DIREKTE: Opninga av AdO-arena fredag 24. oktober, 16.25-18.00.

Erna Solberg AdO arena

OPNA AdO arena: Erna Solberg opna Bergen sitt nye svømmeanlegg.

Foto: Sigurd Hamre / NRK

Statsminister Erna Solberg kjem i dag til Bergen for å opne AdO arena, Bergen sitt nye storstilte svømmeanlegg.

– Då er det ei stor ære for meg å erklære AdO arena for opna, sa Erna Solberg då ho klipte snora i anlegget.

Svømmehallen som er kalla opp etter Alexander Dale Oen opnar fredag, og i helga får tusenvis av bergensarar teste ut det 50 meter lange bassenget og smake på høgdeskrekken med eit stup frå timeteren.

Frå klokka 16.25 til klokka 18.00 er det duka for opning av AdO-arena.

Saka held fram under bilete.

AdO arena

STORT ANLEGG: AdO arena under opninga fredag 24. oktober.

Foto: Sigurd Hamre / NRK

Vatn frå 33 kommunar

Tom-Christer Nilsen

33 KOMMUNAR: Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen heller opp vatn frå Øygarden kommune, kommunen til Aleksander Dale Oen, som det nye symjeanlegget er kalla opp etter.

Foto: Hordaland Fylkeskommune

I gåve til AdO arena vart det samla inn vatn frå alle dei 33 kommunane i Hordaland.

– Dette er ein gledas dag for alle som driv med symjeidrett på heile Vestlandet. Det er fantastisk kva vi får til når Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune jobbar saman, seier fylkesordførar Tom-Christer Nilsen i ei pressemelding.

– Dette er eit idrettsanlegg i verdsklasse. Eg har med ei drope vatn frå kvar kommune i fylket som ei symbolsk gåve, seier Nilsen.

Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune har hatt eit svært godt samarbeid om bygging av det nye symjeanlegget og den nye Amalie Skram vidaregåande skole.

Amalie Skram vgs

SKULE OG SVØMMEANLEGG: Svømmeanlegget ved Amalie Skram vidaregåande skole er kalla opp etter Alexander Dale Oen.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK