Hopp til innhold

Opne flammar frå motor i lastebil

Det skal ha vore opne flammar frå motoren i ein lastebil som var på veg mot Stord i Bømlafjordtunnelen. Naudetatane er på staden, og brannen skal vera sløkt, ifølge Sør-Vest politidistrikt. – Sjåføren blir undersøkt for røykskadar, men me veit ikkje om det er andre røykskadde i tunnelen. Det skal i alle fall ikkje vera meir røyk i tunnelen no, opplyser operasjonsleiar André Skram Hansen. Tunnelen er framleis stengt grunna oppryddingsarbeid.