Hopp til innhold

– Sprøyterommet kjem til å redda liv

I dag blei det klart at Bergen sitt første sprøyterom skal ligga på Strax-huset på Laksevåg. Brukarar ønsker tilbodet velkomen.

Asbjørn Hansen

VIKTIG TILBOD: Asbjørn Hansen er dagleg brukar av Strax-huset, og meiner eit sprøyterom kjem til å gjera kvardagen tryggare for dei narkomane.

Foto: NRK

– Me har ei russcene rett utanfor Straxhuset som eit sprøyterom vil verka dempande på, seier byråd for sosial, bustad og utvikling, Erlend Horn til NRK.

Han la på ein pressekonferanse i dag fram nyheita om at det nye sprøyterommet skal ligga i 3. etasje på Strax-huset.

I desember i fjor vedtok byrådet å oppretta sprøyterom i Bergen. Etter 14 års krangel gjekk alle parti utanom Framstegspartiet og Senterpartiet inn for ordninga.

Det er sett av 16 millionar kroner på årets budsjettet til byen sitt første sprøyterom.

– Eg trur dette kjem til å redda liv. Om det bli gjort ein feil kjem det til å bli oppdaga med ein gong, seier Asbjørn Hansen. Han er ikkje sprøytenarkoman, men er dagleg innom Strax-huset.

– Vil bli betre for folk i nabolaget

– No kan dei som sit i undergrunnen her nede endeleg få ein plass å gå. Det vil også ha mykje å seia for folk som går forbi, at dei slepp å sjå folk som set sprøyter og brukarutstyr som ligg og sleng, seier Raymond Kristiansen, som også er brukar av Strax-huset.

​ Erlend Horn meiner tilbodet vil auka verdigheita til dei mest marginaliserte gruppene i byen.

– Dei skal kunna setta injeksjonar innedørs der det er helsepersonell til stades, slik kan me redusera faren for overdosedødsfall og gi meir helsehjelp til brukarane, seier Horn.

ERLEND HORN

BLIR SPRØYTEROM: Byråd Erlend Horn kom i dag med nyheita om at Bergen sitt nye sprøyterom skal leggast til Strax-huset.

Foto: HALVOR FOLGERØ / NRK

– Kvifor vil de legga det til Strax-huset?

– Det er der dei fleste brukarane er grunna tilbodet Strax-huset har i dag. I tillegg har me ei russcene i nærområdet som eit sprøyterom vil verka dempande på. Strax-huset er også den staden der me kan komma raskast i gong med dette frå hausten 2016, seier Horn.

Sprøyterom

NOREGS FØRSTE: Her er sprøyterommet i Oslo, som har eksistert sidan 2005. 11 år etter følger Bergen etter som andre by i Noreg.

Foto: Meek / SCANPIX

– Det vil bli tatt overdosar

Leiar for Strax-huset, Hugo Torjussen, er fornøgd med at dei får ansvaret for tilbodet.

– Ein kvar dose som blir sett under trygge og hygieniske forhold vil vera med på å kunne førebygga ein potensiell overdose.

– Det vil også bli sett overdosar inne på eit sprøyterom, men der får ein behandling med ein gong, noko som kan føra til at ein ikkje får skadar, seier Torjussen.

Han trur ikkje det kjem til å bli fleire narkomane som strøymer til Laksevåg-sida når rommet opnar.

– Det er ikkje sikkert at nabolaget vil merka så mykje til det. Eg ser ikkje for meg at det blir fleire folk her enn det er no. Om noko endrar seg, så er det at det blir ein mogleg nedgang i injisering ute i nabolaget.

Ein veit endå ikkje kort stort sprøyterommet kjem til å bli.

– Det er tidleg i prosessen, men me håpar at rommet kan bli stort nok til å dekka behovet i Bergen, seier Torjussen.

Hugo Torjussen

Leiar for Strax-huset, Hugo Torjussen.

Foto: NRK