Hopp til innhold

Her fryktar ekspertane nye snøskred

Bygd i Eksingedalen har no vore innestengt i over ei veke. Heller ikkje i dag blir vegen opna. Geologane ser sikre teikn på nye snøskred i fjellsidene.

Snødekke i Eksingedalen

HER ER RASFAREN: Geologane ser fleire oppsprukke snødekke i fjellsidene, her ved Trefall der eit ras gjekk seinast onsdag denne veka.

Foto: Statens vegvesen

Det er geologar frå Statens vegvesen som har vurdert rasfaren på ny torsdag. Konklusjonen er at det ikkje er trygt å opna fylkesveg 344 i Eksingedalen i Hordaland i dag heller.

Til det er faren for nye snøskred for stor. Seinast i går gjekk det ei nytt skred på vegen mellom Nesheim og Brakestad.

– Rasfaren er framleis stor, og det er difor ikkje forsvarleg å opne vegen. Av omsyn til tryggleiken til arbeidarane er ikkje skredet på Gullbrå rydda, fordi det er fare for fleire ras, fortel prosjektleiar Ingebjørg Midthun i Statens vegvesen.

Ser fleire teikn på nye ras

Geologane ser i fjellsidene at det kan kome fleire ras. Det er spesielt oppsprukke snødekke i området som ekspertane ser på som sikre teikn på at nye ras vil kome.

– Vi ventar på kaldare vêr utan nedbør slik at snødekket blir stabilisert. Dette kan ta tid sidan snømengdene er store. I tillegg må vi ha betre sikt, avsluttar Midthun i pressemeldinga frå Vegvesenet.

Sidan onsdag førre veke har 28 innbyggjarar på Gullbrå i Eksingedalen vore isolert. Tysdag klarte helikopter å lande med matforsyningar og medisin.