Opnar ikkje før over helga

Fylkesveg 314 Bergsdalen er stengd etter at det gjekk eit jordras der laurdag. Ifølgje Vegtrafikksentralen er det betydelege mengder med masse som har kome ned. Vegen blir truleg stengd nokre dagar framover. Ny informasjon kjem måndag klokka 12.