Det meiner Direktoratet for naturforvaltning. Dei vil opne 70 sjøfuglreservat i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland for taretråling.
Sjølv om tareskogen veks opp att etter nokre år, er denne verksemda ei dramatisk øydelegging av livet på havbotnen. I dag er det stort sett ulovleg å drive taretråling i naturreservat.
Ikkje negativt for fuglane
- Det er framleis uvisse rundt effektane av taretråling, men vi har lagt vekt på å ikkje gamble med verneverdiane. Trålinga skal ikkje ha negativ effekt for sjøfuglbestanden i dei områda vi vil opne. Det vi no foreslår er forsvarleg, meiner seksjonssjef Knut Fossum i Direktoratet for naturforvaltning.
Direktoratet har på oppdrag frå Stortinget vurdert om det kan opnast for taretråling utan at verneverdiane i reservata blir øydelagde.
Store økonomiske verdiar
Kvar av dei 14 norske taretrålarane haustar i gjennomsnitt tare til ein førstehandsverdi av knappe 2 millionar kroner årleg. Næringa sysselset 200 personar og til saman eksporterer Norge tareprodukt verd opp mot 800 millionar kroner i året. Taren blir brukt som tilsettingsstoff i mat og medisinar.
Protesterer likevel
No vil direktoratet tillate taretråling i 70 sjøfuglreservat i dei tre sørlegaste vestlandsfylka, mens dei vil verne 30 reservat.
Sjølv om tarenæringa får tilgang til mange fleire reservat enn dei blir utestengde frå, protesterer dei mot sju av verneforslaga i Rogaland og Sogn og Fjordane.