NRK Meny
Normal

Opent på Vikafjellet

Etter å ha vore stengt i fem dagar, har riksveg 13 over Vikafjellet igjen opna for fri ferdsel i ettermiddag.

Skred Vikafjellet

MASSIVT: Vikafjellet har vore stengt sidan onsdag førre veke på grunn av dette store raset. Måndag blir det opna for kolonne.

Foto: Sara Finne / Avisa Hordaland

– Me opnar for kolonne no klokka 14.00. Den første vil gå frå Storhaugtunnelen, i retning mot Voss, fortalde Hanne Norheim ved Vegtrafikksentralen til NRK tidlegare i dag.

Like etter klokka 15.00 kjem ei ny oppdatering frå Vegvesenet som fortel at fjellovergangen er opna for fri ferdsel att.

Fjellovergangen har vore stengt sidan onsdag i førre veke, då eit 100 meter breitt og ni meter høgt snøras dundra over vegen mellom Hola og Myrkdalen.

Mannskap frå politi, brannvesen, Røde Kors, Norske Redningshunder og ambulansehelikopter vart raskt kalla ut for å søke gjennom massane, men ingen vart tekne av raset.