Hopp til innhold

E39 opna etter snøskredet

Det er opna for fri ferdsle att på europavegen gjennom Romarheimsdalen. – Vi hadde ikkje opna om det ikkje hadde vore trygt.

Snøraset på E39 i Romarheimsdalen

SNØSKRED: Skredet søndag kveld trefte fire bilar på E39 i Romarheimsdalen. Onsdag kveld opnar vegen att.

Foto: Marie Furhovden / NRK

Brøytemannskap har i heile dag jobba med å rydde og reinske europavegen.

– Dei har halde på i timevis i dag. I tillegg har dei frest ut snø på sida av vegen, forklarar trafikkoperatør Ronny Sleire hjå Vegtrafikksentralen til NRK.

Samstundes åtvarar dei om at det framleis er fare for ras i området og at E39 kan bli stengt på kort varsel.

– Men vi hadde ikkje opna no om det ikkje hadde vore trygt, seier Sleire.

Gjekk fleire ras

Endringar i vêret, med meir nedbør som kan gi tung snø, vil også kunne føre til at E39 blir stengt att på kort tid.

Det var søndag kveld at eit stort snøskred med breidde på rundt 50 meter dundra ned fjellsida og over europavegen ved Olsbotn i Romarheimsdalen. Skredet råka fire bilar med totalt elleve personar, men heldigvis vart ingen alvorleg skadd.

LES OGSÅ: Lars (2) ble dekket av snø og glasskår

Sidan har det vore stengt på E39. Både måndag og tysdag gjekk det nye skred i fjellsidene, og geologen vurderte det som for farleg å opna. Dei som til vanleg nyttar hovudvegen mellom Sunnfjord og Bergen, har vore nøydde til å gi seg ut på lange omkøyringar via anten E16/Rv5 eller fylkesveg 57.

Ferjene går ikkje ekstra

I den forbindelse har ferjene på sambandet Leirvåg – Sløvåg hatt ekstra avgangar kvar time gjennom nettene. Det blir det slutt på i kveld.

– Ferjene vil i kveld gå i samsvar med vanleg rutetabell, forklarar Sleire.

Snøraset på E39 i Romarheimsdalen
Foto: Marie Furhovden / NRK