Bygda har seks fastbuande. No har dei fått ein av landets høgaste Via Ferrata-ruter

ETNE (NRK): No håpar dei den nye klatreruta skal lokke fleire turistar til området.

Robert Melkeraaen i den nye Via Ferrata-ruta ved Åkrafjorden

LUFTIG: Robert Melkeraaen vil trekke fleire turistar til Åkrafjorden. Han trur Via Ferrata-ruta vil gjere naturen tilgjengeleg for fleire.

Foto: Tale Hauso / NRK

I helga blei den nyaste Via Ferrata-ruta i Noreg opna i bygda Fjæra i Hordaland.

Via Ferrata er klatreruter på fjellet med faste sikringsmidlar som stigar og bruer. Det gjer at folk utan klatreerfaring kan ta turar som dei elles ikkje hadde klart.

– Eg har alltid vore klar over kor spektakulært det er på toppen, og har lenge tenkt at me må gjera «noko» med denne veggen. Endeleg blir det mogleg for alle å oppleva den majestetiske utsikta opp Kyrkjeveggen, seier primus motor Robert Melkeraaen.

Via Ferrata Åkra

KREVJANDE: Ruta krev sikring med tau, sjølv om jerntrinna gjer det enklare å kome seg opp.

Foto: Tale Hauso / NRK

Vil trekke folk

Åkrafjorden har vore ein populær stad i sommarmånadane, men har slite med å tiltrekke seg turistar elles i året.

Det var difor Melkeraaen, som driv eit gjestehus ved fjorden, kom opp med ideen om å byggje ei rute med jernsteg som fører deg frå botnen av fjellet og 900 meter opp til toppen.

I dei mest krevjande partia er det sett inn trinn, medan ein går det siste strekket opp til Fjæratoppen (713 moh) på sti. Turen tar mellom fem og sju timar med guide.

Ruta har kosta Melkeraaen 1,3 millionar kroner, men han trur det vil bli verdt det.

– Kven som helst kan gå her. Guidane skal kunne føre vanlege folk opp. Det er ein fin måte å komme seg ut i naturen.

Men klatreinstruktør Berit Håland understrekar at løypa ikkje er for alle.

– Det er av dei meir avanserte løypene, men eg trur alle kan klare det. Men du bør ikkje ha høgdeskrekk. Den er meint for dei som vil ha ei utfordring.

Via Ferrata Kyrkjeveggen
Foto: Åkrafjorden Nature

Planlegg fleire

Melkeraaen er ikkje den første til å kome opp med ein slik ide. Det er rundt 15 ulike Via Ferrata-ruter i Noreg, og fleire er under planlegging.

Populære ruter som fører deg opp på fjelltoppar som Trolltunga i Odda og Hoven i Loen trekker enorme menger folk kvart einaste år.

Via Ferrata-løypa vil styrka Åkrafjorden som reiselivsdestinasjon, meiner John Karsten Hustveit i Åkrafjorden Oppleving.

– Til no har opplevingsturismen i Åkrafjorden omfatta heller «mjuke» opplevingar, men med Via Ferrata kan me nå ut til ei ganske anna målgruppe; dei som ønskjer hakket meir spenstige opplevingar og noko meir adrenalin, seier Hustveit.

Og ruta opp Kyrkjeveggen er berre starten på Via Ferrata-tilbodet i Åkrafjorden; to andre løyper er også i kjømda.

Ny Via Ferrata-rute i Åkrafjorden

GUIDE: Klatreinstruktør Berit Håland skal ta turistar gjennom ruta. – Det blir ei skikkeleg oppleving for dei som prøver det.

Foto: Tale Hauso / NRK

Klatreforbundet skeptiske

Men den nye ruta blir ikkje berre ønska velkommen av klatremiljøet.

Sjølv om Via Ferrata-rutene har blitt populære, meiner Klatreforbundet ein bør tenke seg godt om før ein etablerer dei.

Stein Tronstad, sikkerhetsansvarlig i Norsk Klatreforbund

ÅTVARAR: President i Klatreforbundet Stein Tronstad.

Foto: Ola Helness / NRK

President i Klatreforbundet Stein Tronstad er spesielt uroa for tryggleiken.

– Sjølv om ein bruker sikringsutstyr, kan ein falle nokre meter. Då er vi redd folk skal skade seg på jernstengene, seier Tronstad.

Han kjenner ikkje den nye ruta opp Kyrkjeveggen, men seier dei er kritiske til dei mest eksponerte rutene der det kan vere vanskeleg å hente ned nokon som er skadd.

Han drar fram klatreruta til Hornelen som er under planlegging i Bremanger i Sogn og Fjordane og skal opne i 2020, som ein av dei han er mest skeptisk til. Nettopp fordi delar av ruta er så bratt.

– I tillegg er vi kritiske til rutene der ein tek betaling. Det meiner vi kan vere i strid med allemannsretten.

I Kyrkjeveggen vil det koste 450 kroner om du tar turen åleine, og 1200 kroner om du må betale for både guide og utstyr.

Er det ikkje bra at folk kjem seg ut på tur i område som har vore utilgjengelege for dei som ikkje kan klatre?

– Det er veldig bra at folk kjem seg ut på tur, men her er det fleire problemstillingar ein bør ta på alvor.

Via Ferrata Kyrkjeveggen

UTSIKT: Klatrarane får god utsikt utover Åkrafjorden.

Foto: Tale Hauso / NRK