NRK Meny
Normal

Har vore stengd sidan torsdag - no er den open

Tysdag ettermiddag vart E16 opna i eit felt. Vegen har vore stengd sidan torsdag grunna ras mellom Bulken og Voss.

Ras E16 Voss Bulken

TO RAS: No er E16 opna i eit felt, sjølv om ryddearbeidet ikkje er heilt ferdig.

Foto: Einar Selland / Statens vegvesen

Konklusjonane etter raset var at skadane på vegen var så store at vegen ville bli stengd i lang tid. Etter planen skulle vegen opnast onsdag, men allereie tysdag vart vegen opna i eit felt.

Opnar i eit felt

Dei to rasa som har stengd vegen kom torsdag kveld, og ein bil vart treft av det første.

Ifølgje ei pressemelding har ryddemannskap jobba heile natt til tysdag, og dermed kunne E16 opnast i eit felt frå klokka 16.00 tysdag ettermiddag.

– Det vert manuell trafikkdirigering forbi rasstaden og sikringsgjerde mellom rasmassar. Køyrefelt vert sett opp midt i vegen, seier prosjektleiar Ingebjørg Midthun.

Held fram ryddinga

Årsaka til desse ordningane er at ein då kan halde fram med ryddearbeidet bak gjerdet sjølv om trafikken går i feltet nærast Vangsvatnet.

Ryddearbeidet vil halde fram onsdag.

Raset over E16

STORE SKADER: Skadane på E16 etter raset mellom Bulken og Voss var så store at vegen har vore stengd sidan torsdag.

Foto: Sjur Herre

Siste video

Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.
Vestlandsrevyen 12. desember 2017