Hopp til innhold

Ei 52 år forseinka bruopning

Midt inne i skauen på den veglause nordsida av Åkrafjorden, ligg ei mosegrodd ubrukt bru. Det er på høg tid å klippe snora.

Midt inne i skogen på den veglause nordsida av Åkrafjorden, ligg ei tofelts 52 år gammal ubrukt bru.

ENDELEG: Jon Arne Markhus, Geir Arne Eikemo, Harald Eintveit, Einar O. Eintveit, Askel Ytrenes, Gunvor Ytrenes Djuve blei med og opna den veglause brua.

Utan bilveg på den eine sida. Utan bilveg på den andre sida. Slik har brua stått ubrukt sidan 1962. Rett nok har ein og annan turgåar nytta seg av byggverket, men aldri har bilar køyrt her. Ikkje før no.

Dette er historia om ei ganske forseinka bruopning.

Ingen andre ville ha veg

Dette hadde eg ikkje rekna med å få oppleva.

Ola Th. Djuve

Bjelland og Eintveit ligg idyllisk til på kvar side av ei elv i landskapet på nordsida av Åkrafjorden. To småbruk på eine sida, tre bruk på den andre sida. Alltid har ein vore avhengig av båt for å komma til og frå. Desse gardane drøymde ein gong om veg. Og i etterkrigsåra vaks draumen seg sterkare og sterkare. Bøndene var overtydde om at ein veg ville hindre fråflytting, og gjere gardsdrifta lettare og meir lønsam.

Plutseleg kom pengane. I 1956 løyvde heradsstyret i Skånevik, som kommunen heitte då, 10 000 kroner til «bru over Eintveitelva med tilføringsvegar». Brua skulle byggast i samsvar med Vegvesenet sine krav og var etter heradstyreprotokollen for Skånevik 1956: «ein lekk i det framtidige vegprosjektet Kalvik-Eikemo».

Vegvesenet dimensjonerte brua slik at rutebilen (bussen) skulle kunna halda 40 kilometer i timen over. Ei solid bru skulle byggjast eine og åleine med tanke på biltrafikk.

Dette er ei fantastisk stor oppleving, og noko me har venta på i lang tid.

Harald Eintveit

I 1958 blei ei taubane montert frå Bjellandskaien til staden der brua skulle komma. Forskalinga kom i gang, muring og bygging. I fire år gav brubygginga arbeid til dei fleste småbrukarane i området. Og i 1962 stod brua klar, flunkande ny, solid støypt og klar for trafikk.

Det siste kom aldri.

Vegplanen for nordsida av Åkrafjorden

GAMMAL VEGPLAN: Inne på utedoen på Eintveit heng vitnemålet om at det var ein plan for veg på nordsida av fjorden.

Foto: Renold Tennysen Christopher / NRK

Vegplan i dass

Også i ettertida har det kome opp nye vegplanar. Inne på utedoen på Eintveit heng traséen som blei teikna i 1973. Men det blei med teikninga. Sidan har også planane om ei flytebru over Åkrafjorden vore aktuell. Eller. Ikkje veldig aktuell.

Mangelen på veg gjorde at folk og fe gav opp. Ungdommen flytta vekk. Og kom ikkje att. Å driva små gardsbruk, altfor små gardsbruk, var ikkje forlokkande. Ola Th. Djuve vaks opp på Eintveit. Han flytta i 1963, året etter at brua stod ferdig.

I dag er han tilbake, saman med Harald Eintveit. Også han oppvaksen på Eintveit. Dei skal få sjå det dei aldri har sett, bilar på brua.

– Dette hadde eg ikkje rekna med å få oppleva, noko offisiell opning av brua mellom Bjelland og Eintveit hadde eg ikkje trudd kom til å skje, seier Ola Th. Djuve.

Far hans var sentral i brubygginga. Det var også far til Harald. Fedrane stod i kvar sin ende av taubana, den eine lasta opp sand i kassen på kaien, den andre tok imot og lessa av der dei bygde brua.

– Dette har me venta på i lang tid

Harald Eintveit var i 10-årsalderen då brua blei bygd. Han hugsar godt arbeidet. Han hugsar også at han var nære ved å hamne i elva då han som gutunge trakka på ei laus forskalingsfjøl.

– Det var på hengande håret at eg datt 12–14 meter rett ned i juvet her. Då hadde eg ikkje stått her no. Men dette er ei fantastisk stor oppleving, og noko me har venta på i lang tid, seier Harald, som er sokneprest i Vikedal. Han skal stå for sjølve opninga.

To bilar, kvite i fargen og japanske av merke, er flydd over fjorden for å vera med på bruopninga. Dei står på kvar si side av brua. Med hjula på mosen som har brukt åra godt til å vekse innover byggverket.

Første og truleg siste gongen brua mellom Eintveit og Bjelland fekk oppleva tyngda av bilar.