Hopp til innhold

Her opererer kirurgen på ein virtuell pasient

HAUKELAND SJUKEHUS (NRK): Inngrep på simulator er på full fart inn på norske sjukehus, og skal gje tryggare og betre operasjonar.

Stadig fleire norske sjukehus krev at kirurgar øvar seg på simulatorar.

SE VIDEO: Sånn ser det ut når kirurgar øver seg på avanserte operasjonar på ein skjerm.

– Her får eg utføra farlege operasjonar i ein veldig trygg setting. Ting eg synest er spesielt vanskeleg i verkelegheita skal eg komma og repetera her.

Det seier lege Ørjan Vermeer på Haukeland sjukehus. Han er i ferd med å gjera seg klar til kikholsoperasjon, men ikkje på eit ekte menneske. Gynekologen som er i spesialisering på Haukeland må øva seg først.

Simulatorar vert no brukt på fleire og fleire norske sjukehus. På Haukeland har dei aleine fem slike simulatorar til ulike operasjonar i dag (sjå faktaboks).

Før måtte kirurgar øva seg under vanlege operasjonar. No krev stadig fleire sjukehus at legar gjer som Ørjan Vermeer, og opererer på simulator først.

Betalt av Trond Mohn

Kravet vil, ifølge overlege Anne Veddeng på Haukeland, føra til fleire og betre operasjonar.

– Tengene er over 30 cm lange, så ein må øva seg på veldig presise bevegelsar, og få det inn i fingrane, seier Veddeng, medan ho viser Ørjan Vermeer korleis han skal bevega spakane for å fjerna den virtuelle livmora på skjermen.

Simulatorane på Haukeland universitetssjukehus blei installert i januar 2016 etter ein stor donasjon frå Trond Mohn, og ifølge Veddeng er dei nokre av dei beste på marknaden.

– Ein kjenner på auka puls og adrenalin når ein held på med dette, for det er veldig realistiske inngrep.

Ørjan Vermeer opererer på simulator

UNIK TRENING: Ørjan Vermeer meiner simulatorane gjev han unik sjanse til å øva på kritiske situasjonar.

Foto: Stian Røkenes / NRK

Ørjan Vermeer er i spesialisering på fjerde året, og han er glad for at simulatorane lar han øva på ferdigheiter som er nyttige å kunna i alle operasjons-situasjonar, og det utan risiko.

– Eg har allereie fått trent på mange inngrep som eg først har gjort på simulator, og som eg har gjort i verkelegheita etterpå, seier Ørjan Vermeer.

Betre pasientsikkerheit

– Visst han klipper her no, så sprut-blør det. Dette er sånt som kan skje i verkelegheita, så då må han øva seg på rett bruk av blødingskontroll, seier Anne Veddeng, og peiker på skjermen, der store raude flekkar er i ferd med å spreia seg.

Ho fortel at simulatorane lar ein kjenna på vevsmotstand, og at dei etter kvart har blitt så avanserte at ein ofte kan gå rett inn på operasjonsstova etter å ha meistra inngrepa her.

– Kirurgane er på ein måte allereie erfarne når dei startar med verkelege operasjonar, noko som fører til redusert risiko for infeksjonar og skade under kirurgiske prosedyrar.

Overlege Anne Veddeng på Haukeland

OVERLEGE:

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

I tillegg til at operasjonane blir tryggare for både kirurg og pasient, blir operasjonstida kortare, sånn at ein får hjelpt fleire.

Veddeng fortel at trening på simulator før verkelege operasjonar blir obligatorisk på stadig fleire sjukehus i landet. På Haukeland er det allereie obligatorisk på enkelte avanserte prosedyrar, som fjerning av livmor.