Hopp til innhold

Opdal: - Utruleg dårleg gjort

Brannkeeper Håkon Opdal trur ikkje på at Peter Kovacs (Odd Grenland) ikkje skjønte at han var skada.

Video nsps_upload_2009_8_8_22_11_32_1946.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Branns målvakt Håkon Opdal snakker til dommer Brage Sandmoen etter at Kovacs satt inn 2-0 til Odd

SKADA: Håkon Opdal låg nede då Peter Kovacs scora Odd Grenland sitt andre mål.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

- Det er berre tull, vi veit begge to kva som skjedde seier Opdal til NRK.

Det mykje omdiskuterte målet i cupens kvartfinale laurdag kveld har skapt mange reaksjonar- og ikkje minst frustrasjonar i Brannlaget.

LES MEIR: Brann fekk bank i Skien

- Det er så openlyst at eg ligg nede, at Kovacs burde faktisk stoppa opp og spurt om eg var skada, seier Opdal.

Fotballekspert og kommentator Arne Scheie seier til NRK Hordaland at fotballen hadde tent på om Peter Kovacs hadde stoppa situasjonen.

- Om Kovacs var klar over at Opdal låg nede, så burde han absolutt nytta
fair play. Viss fair play skal ha noko verknad så må det jo brukast i nettopp slike situasjonar, seier Scheie.

Sportsleg sjef i Brann, Roald Bruun-Hanssen er enig med Scheie.

- Den scoringa og den handlinga i den situasjonen finn vi unfair, og etter vår meining bør den påtalast. Det vil seie at det bør kome klart fram av cuparrangørar, og av norsk toppfotball at dette er ikkje er i samsvar med fair play.

Peter Kovacs seier han ikkje såg at Opdal var skada.

Video nsps_upload_2009_8_8_22_7_42_1944.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Når eg ser kampen så syns eg personleg at det er forferdeleg at fair play ikkje blir praktisert, seier Scheie.

Odd Grenland-trenar Dag Eiliv Fagermo meiner Kovacs gjorde heilt rett med å scora, sjølv om Opdal låg nede.

Video nsps_upload_2009_8_8_22_6_38_1943.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Erik Bakke si utvisning fall heller ikkje i god jord i Brannlaget.

- Heilt feil at eg blei utvist, seier Bakke til NRK.

Video nsps_upload_2009_8_8_22_12_46_1947.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Ved kampslutt kryssa Brann-leiinga av i kampskjemaet for at dei vurderte å protestere mot Peter Kovacs 2-0 scoring. Sportsleg sjef i Brann, Roald Bruun-Hanssen seier at dei droppar å levere ein offisiell protest fordi kampresultatet i sin heilhet er tydeleg, og ikkje nødvendig å bruke tid på.