Hopp til innhold

Krev raskaste vegen for ferjefri E39

Fylkespolitikarane i Hordaland går for den raskaste vegen mellom Bergen og Stavanger. Meiner regjeringa ikkje kan komma utanom den gigantiske fjordkryssinga. Prislapp: 19 milliardar.

Flytebru Bjørnafjorden

VIL OVER BJØRNAFJORDEN: Fleirtalet i fylkesutvalet i Hordaland ber om at den framtidige ferjefrie vegen mellom Bergen og Stavanger bør gå over Bjørnafjorden.

Foto: LMG Marin

Fleirtalspartia Høgre, Framstegspartiet og Venstre sikra torsdag fleirtal for det midtre alternativet, då fylkesutvalet debatterte dei to traséalternativa for ein framtidig ferjefri E39.

Video Tom-Christer Nilsen

MØR VEGA TUNGT: Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen frå Høgre meiner Regjeringa vanskeleg kan komma utanom det midtre alternativet.

Foto: Nyhetsspiller

Traséalternativet inneber kryssing av Bjørnafjorden, med det som kan verta ei gigantbru på over fem kilometer. Alternativet er det som vil knappa mest ned på reisetida mellom Bergen og Stavanger. Strekninga mellom Bergen og Aksdal vil kosta omlag 19 milliardar.

Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen frå Høgre meiner det no vert vanskeleg å komma unna det midtre alternativet når ein ferjefri kyststamveg skal byggjast.

– Når det ligg ei fagleg anbefaling frå vegvesenet og i tillegg eit klar politisk anbefaling må det vera vanskeleg for Regjeringa å komma utanom det midtre alternativet, seier fylkesordførar Nilsen til NRK.no.

Reisetida viktigast

Anbefaling om ferjefri E39

ALTERNATIVA: Det var i utgangspunktet tre alternativ for strekninga mellom Aksdal og Bergen. Fleirtalet i fylkesutvalet i Hordaland går for alternativ 4c midtre linje, med bru over Bjørnafjorden.

Foto: Rapport fra TØI/Dovre Group

Det er reisetida som er det viktigaste argumentet for å velja Bjørnafjorden-alternativet, meiner fylkesordføraren.

– I hovudsak er det raskast mogeleg reisetid som må prioriterast, det andre er berekningar av samfunnsnytten som viser at alternativet gjev best grunnlag for utbygging, seier Nilsen, som sjølv ikkje var til stades på fylkesutvalsmøtet det vedtaket vart gjort.

Fleire reisande

Fylkesordføraren viser i tillegg til at berekningar som viser at om lag 6000 fleire vil nytta seg av den midtre traseen, samanlikna med den alternative indre traseen.

– Det er sjølvsagt viktig å laga eit samband som er til for flest mogeleg, seier Nilsen.

I vedtaket skriv fleirtalet at «Fylkesutvalet vektlegg kortast mogleg reisetid mellom Stord og Bergen, fleire samanhengande bu og arbeidsregionar mellom Stavanger og Bergen og rask prosjektrealisering».

Tidlegare har bystyret i Bergen gått for det same traséalternativet .

– Ikkje sikkert at det vert bru

– Det er det alternativet som grip minst inn i natur og miljø. I tillegg er det interessant å vera med på å utvikla ny teknologi for fjordkryssinga over Bjørnafjorden, seier nestleiar i samferdsleutvalet Alf Helge Greaker frå Venstre.

Han understrekar at det ikkje er sikkert at bru er den ideelle løysinga for å kryssa Bjørnafjorden.

– Det er ikkje bru me har vedteke no, det er no arbeidet med korleis dette skal løysast startar, det kan verta bru, røyrtunnel eller heilt andre nye løysingar, seier Greaker.

LES ÒG: SV vil stoppa ferjefri E39 .

Opposisjonen treng meir tid

Det indre alternativet, som berre Senterpartiet har gått heilhjarta inn for, inneber at vegen skal gå om Tysnes og Fusa, for så å kryssa Langenuen. Dei siste utrekningane viser at dei to alternativa vert omlag like dyre.

Arbeidarpartiet og Senterpartiet har gått i lag om eit brev til samferdsleministeren der dei ber om at saka vert betre ut greia.

Dei to partia fekk i fylkesutvalet med seg Kristeleg folkeparti på at Regjeringa må kvalitetssikra dei to alternativa på nytt, etter at prisen på det indre alternativet har vorte kraftig oppjustert.

– For usikkert

Gruppeleiar i Arbeidarpartiet Ruth Grung meiner nye teknologiske løysingar for fjordkryssinga over Bjørnafjorden gjer det for tidleg å vera bombastisk om trasévalet.

– Me fryktar at det vert så dyrt at ein ikkje greier å finansiera det. Ved å låsa seg til eit alternativ kan me stå i fare for å ikkje få realisert prosjektet dei neste ti åra, meiner Grung.

LES ÒG: Byrådsleiaren snur om E39-løysing .

– Tyder på mistillit til systemet

Fylkesordføraren stiller seg uforståande til at opposisjonspartia ønskjer ytterlegare utgreiingar på kostnadene ved traséalternativa.

– Det er jo slik at dette må vera ein slags mistillit til utgreiingsmiljøa, om ein ikkje har tillit til dette systemet kan ein heller ikkje ha tillit til andre samferdsleprosjekt, seier Nilsen.

Grung minner om at vegvesenet sjølv har sagt at tida for å få på plass tilleggsinnstillinga har vore i kortaste laget.

– Politikarar har alltid eit ansvar for å få fram eit forsvarleg grunnlag for avgjerder. Ikkje minst når det er snakk om ei kostnadsramme på 20 milliardar, seier Grung.

Som einaste parti i fylkesutvalet gjekk SV inn for at E39 ikkje bør gjerast ferjefri. Dei ønskjer heller å prioritera å rusta opp vegen mellom ferjene.