Hopp til innhold

Bystyret ønskjer berre bergenske gatenamn

SV vil kalla opp plass eller gate i Bergen etter Nelson Mandela. Høgre svarar med forslag om å avgrense oppkalling til personar med sterk tilknyting til Bergen.

Bergen sentrum sett frå lufta

TILKNYTING TIL BERGEN: SV vil kalla opp ei gate eller ein plass etter Nelson Mandela. Høgre meiner ein bør avgrense oppkalling av gater til personar som har tilknyting til Bergen.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Som NRK tidlegare har fortalt, kjempar SV for å kalla opp ei gate eller plass etter den sørafrikanske fredsprisvinnaren Nelson Mandela.

Asle Wingsternes frå Høgre meiner det er feil å kalla opp ein plass i Bergen etter Mandela, og overraska med å fremja eit heilt nytt forslag.

– Nelson Mandela var ein person som var med på å forma oss som vaks opp på 90-talet. Me ønskjer ikkje å legga dette i ei skuff, men å foreslå at gatenamn i Bergen skal kallast opp etter personar med band til Bergen.

– Eg meiner me heidrar menneskerettsforkjemparar med mellom anna Menneskerettighetenes plass ved Raftohuset, sa Wingsternes.

Frå før er eit hopetal av gatene i byen kalla opp etter personar som ikkje har noko med byen å gjera i det heile. Om ein tar ein svipptur til bydelen Fyllingsdalen vil ein finna namna til svenske heltar som Folke Bernadotte, Ture Nerman, Torgny Segerstedt, Karl Hjalmar Branting og Dag Hammarskjöld.

Diktarar som Ivar Aasen og Henrik Wergeland har òg fått gatenamn i byen, utan å kunna skuldast for å ha skarra på r-en.

– Høgre bommar

Forslaget til Høgre om å reservera gatenamna i byen til bergensarar og andre med særskilde band til byen fekk ikkje applaus frå opposisjonen i bystyret.

– Me synst dette viser ei haldning om at me er oss sjølv nok, seier Dale som fekk støtte frå Arbeidarpartiet.

Ove Sverre Bjørdal frå Senterpartiet meiner Høgre bommar med forslaget.

– Me støttar ikkje nokon eksklusivitet for bergensarar. Skal me ikkje kalla opp kongane våre, spurde Bjørdal.

Forslagsstillar Oddny Miljeteig frå SV bad Høgre om å tenkja seg om.

– Eg er glad for at Camilla Collet og Ivar Aasen har gater i Bergen. Dei er ein del av min identitet, så eg meiner fleirtalet her bør tenkja seg om, sa Miljeteig.

Fekk støtte frå fleirtalspartia

Etter først å ha føreslått at Festplassen skulle kallast opp etter Mandela, endra Miljeteig forslaget til at Mandela sitt namn burde leggjast inn i lista over framtidige gatenamn i Bergen.

Forslaget om å berre kalla opp gater etter personar med tilknyting til Bergen fekk støtte frå fleirtalspartia Kristeleg folkeparti, Høgre og Framstegspartiet.