Hopp til innhold

48-åring omkom i fallulukke

Ein mann på 48 år omkom etter å ha falle ned frå eit tunneltak ved Sartor senter på Sotra. Namnet på den omkomne er frigitt.

Tunnel Sotra

FALL FRÅ TUNNELTAK: Ein mann er stadfesta omkommen etter å ha falle frå taket i denne tunnelen. Ulukka skjedde på Sotra, vest for Bergen.

Foto: NRK

Klokka 14.44 fekk politiet melding frå medisinsk nødtelefon om ei arbeidsulukke i ein tunnel ved Sartor senter.

– Ein mann i 40-åra har falle ned frå ein tunnel. Mannen blei etter kvart erklært død på staden, seier operasjonsleiar Kjersti Eidsnes.

– Me kjenner førebels ikkje årsaka til ulukka, eller kva mannen heldt på med då han fall ned.

Politiet har varsla Arbeidstilsynet, som kjem til å undersøke om mannen har vore sikra som han skal.

– Ei tragisk ulukke

Mannen som er busett i Bergen var på jobb for Veidekke Entreprenør.

– Me er på byggeplassen og har endå ikkje kartlagt kva som har skjedd, fortel Ingmar Austevoll, distriktsleiar i Veidekke Bergen.

Om lag 20 personar arbeida i tunnelen då ulukka skjedde. Fire-fem personar var involvert i arbeidet kring fallulukka.

– Tankane våre går til dei pårørande. No handlar det om å ta seg av dei tilsette. Saman med arbeidstilsynet og politi skal me avdekke hendingsgangen og finne ut kva som har skjedd, seier Austevoll.

Kjenner ikkje årsaka til ulukka

Arbeidstilsynet er på staden saman med politiet.

– Det er lite me kan seie endå. Me har fått melding frå politiet om ei fallulukke der ein person har falle ned 12 meter i ein underjordisk tunnel på Straume, seier Marita Scott, tilsynsleiar i Arbeidstilsynet i Bergen.

Saman med politiet undersøker Arbeidstilsynet no staden og snakkar med vitne.

Tilsett sidan 2003

Veidekke gjekk i kveld ut med namnet på den omkomne på sine nettsider.

Det var tømrar Geir Mathisen (48), som var tilsett i Veidekke Entreprenør distrikt Bergen siden 2003, som omkom. Ulukka skjedde i samband med montering av betongelement, skriv Veidekke.

– Våre tankar og djupaste medkjense går til dei pårørande, og til alle kollegaane på prosjektet, seier administrerande direktør Dag Andresen i Veidekke Entreprenør.